Materiell om NK LMH

Her kan de laste ned materiell som de kan bruke dersom de skal fortelje andre om Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) sitt arbeid.

 statusfolder

Foldar

Foldaren som de kan laste ned her, er noko vi ved Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) brukar når vi er ute og snakkar med folk på konferansar eller i andre samanhengar, og skal fortelja kva vi jobbar med og kva som finst av ressursar på nettsida vår mestring.no.

PowerPoint-presentasjon

PowerPoint-presentasjonen som de kan laste her, kan de bruke dersom det skal halde innlegg der de skal snakke om NK LMH sine oppgåver og/eller lærings- og meistringstenester, lærings- og meistringstilbod og helsepedagogiske tilbod generelt.

Presentasjonen består av 24 bilete. På nokre er det støttetekst i notatfeltet. De kan redigere og bruke presentasjonen som de vil. Den er laga i PowerPoint-malen NK LMH har utarbeidd for lærings- og meistringstenester. Les meir om malen og den grafiske profilen for lærings- og meistringstenester.

Blir oppdaterte jamleg

Både foldaren og presentasjonen blir oppdaterte ved behov. Skal de bruke dei, anbefaler vi derfor at de går inn her ser om dei er oppdaterte sidan sist de brukte dei.

 

Send e-post til kommunikasjon[at]mestring.no om de har spørsmål om bruk av materiellet (byt ut [at] med @ for å sende e-post).

  • Publisert: 30. april 2015.
  • Sist oppdatert: 16. oktober 2017.

Design og utvikling: Senson AS