Ta i bruk våre malar

Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) har utarbeidd ein grafisk profil for lærings- og meistringstenester. På denne sida finn de alle elementa i profilen.

Profilen består av lærings- og meistringslogo, fleire PowerPoint-malar for informasjonsmateriell og trykte skriveblokker.

I PowerPoint-malane er det plass til å setje inn logoar til helseføretak, kommunar eller andre.

Vi veit at fleire av dykk har malar frå helseføretak eller kommunar som de må bruke. Vi kan ikkje pålegge lærings- og meistringstenester å bruke den nye profilen, men vi håpar som eit minimum at de vil ta med lærings- og meistringslogoen i nytt materiell de utarbeider, sjølv om de må bruke andre malar.

Dei av dykk som vil ta i bruk profilen, kan bestille skriveblokker med den nye profilen kostnadsfritt. Les om det nedst på sida.

Logo – last ned og bruk

Logoen har læring:mestring i blå skrift, men finst òg med kvit skrift til bruk på mørk bakgrunn og med svart skrift til bruk i materiell som er i svart-kvitt.

Logoen er med på alle malane vi har laga. De kan òg bruke logoen i eigne malar.

Last ned ZIP-fil med dei variantane av logoen i bokmål som står i tabellen under.

Last ned ZIP-fil med nynorsk variant av logoen (både blå, hvit og svart versjon).

 Illustrasjon, logo læring og mestring, blå på hvit
  • jpg-fil optimalisert for bruk på nettsider
  • jpg-fil for bruk i Office-program som Word og PowerPoint
  • jpg-fil som er større og som kan brukast til det meste med unntak av offsettrykk.
  • png-fil med blå skrift og transparent bakgrunn
  • ai-fil med blå skrift til bruk i InDesign-filar til offsettrykk
 Illustrasjon, logo læring og mestring, hvit på blå
  • png-fil med kvit skrift og transparent bakgrunn. (NB logoen er usynleg på kvit bakgrunn)
  • ai-fil med kvit skrift til bruk i InDesign-filar til offsettrykk
 Illustrasjon, logo læring og mestring, svart på hvit
  • png-fil med svart skrift og transparent bakgrunn
  • ai-fil med svart skrift til bruk i InDesign-filar til offsettrykk
  • png-fil til bruk på nettsider og i Office-programmer
  • ai-fil til diverse trykket materiell og til bruk i InDesign-filar til offsettrykk

 

 

Fleire stader vert frisklivs- og meistringstilbud organisert saman. Derfor har NK LMH i samarbeid med Helsedirektoratet også utarbeida ein felles logo som du finn på denne sida.

PowerPoint-malar – last ned og bruk

Last ned ZIP-fil med malane i som er beskrivne i tabellen under.

Læring og mestring, plakat med bilde Her kan de fylle ut med tekst og setje inn eigne logoar og bilete. Denne malen kan òg brukast som invitasjon om de ønskjer det.
Læring og mestring, invitasjon med bilde Her kan de fylle ut med tekst og setje inn eigne logoar og bilete.
 Læring og mestring, informasjonsfolder med bilde Her kan de fylle ut med tekst og setje inn eigne logoar og bilete. For at det skal bli ein fin firesiders brosjyre når de skriv ut, er det lettaste å lage pdf og snu side 2 180 grader og så skrive ut tosidig. Eit alternativ om de ikkje har kan lage pdf-ar, er å skrive ut to enkeltsider og bruke kopimaskin for å få dobbeltsidig med begge sidene i riktig retning.
 Læring og mestring, illustrasjon presentasjon Her kan de legge inn fleire logoar på første sida, men pass på å la lærings- og meistringslogoen stå.
  • Ver merksam på at malane er laga slik at de må gå inn på malvisning for å kunne flytte på faste element.
  • Sirklane som ligg over bileta kan de gjere mindre eller større og snu som de vil.
  • Dersom de koplar for eksempel presentasjonsmalen til tidlegare presentasjonar, kan det vere at endringar de har gjort i den tidlegare presentasjonen overstyrer malen, så det løner seg ofte å byrje med tomt dokument og lime inn tekst der de har fjerne formateringane.
  • Om du er ikkje har erfaring med å arbeide med malar frå før, har du kanskje kollegaer som kan hjelpe?
    Om de likevel står fast, kan de sende e-post til NK LMH på kommunikasjon[at]mestring.no så ser vi om vi kan hjelpe dykk.
  • Dersom de har behov for andre malar, send e-post til NK LMH på kommunikasjon[at]mestring.no så vurderer vi om det er noko vi kan lage.

Skriveblokk – bestill kostnadsfritt

 laering_mestring_skriveblokk_300 Vi har trykt opp skriveblokker som de i lærings- og meistringsfeltet kan bestille til eige bruk eller for å dele ut til deltakarar på helsepedagogiske tilbod eller lærings- og meistringstilbod dersom talet på deltakarar er lavt. På blokka har vi lage ei ordsky med sentrale omgrep for lærings- og meistringsfeltet. For at vi skal ha oversikt over kven som har fått skriveblokker og kor mange, ber vi om at den som har ansvar for lærings- og meistringsarbeidet i helseføretaket eller kommunen, bestiller. Bruk bestillingsskjemaet nedst på vår bestillingside og fyll ut kor mange eksemplar de vil ha av skriveblokkene, og kva de planlegg å bruke dei til. De kan bestille 10–50 blokker i første omgang. Dersom det ønskjer å ta i brukeblokkene til alle deltakarar på kurs hos dykk, kan de få trykklar fil av NK LMH og trykke opp skriveblokker sjølve. Ta kontakt med NK LMH på kommunikasjon[at]mestring.no  om det er aktuelt for dykk å trykke opp skriveblokker sjølv.

 Dersom du har spørsmål om profilen, send e-post til NK LMH på kommunikasjon[at]mestring.no .

Fyll ut skjemaet for å stille oss spørsmål, komme med innspill eller kommentarer. Vi svarer vanligvis i løpet av en arbeidsuke. Din tilbakemelding bidrar til at vi kan fortsette å forbedre innholdet på nettsiden vår.

"*" obligatorisk felt

  • Publisert: 6. november 2014.
  • Sist oppdatert: 1. februar 2024.