Publisert

Helseklynge – arena for brukarmedverknad

For å møte framtida sine behov for helsetenester gjekk store helsefaglege miljø i Bergensområdet i 2016 inn som samarbeidspartnarar i Alrek helseklynge. Eit rådgjevande brukarpanel vart raskt ein sentral del av klynga.

Alrek Helseklynge

Alrek Helseklynge vart etablert i 2016. Desse helsefaglege miljøa i Bergensområdet er offisielle samarbeidspartnarar:
Bergen kommune (Byrådsavdeling for eldre, helse og frivillighet), Høgskolen på Vestlandet, Folkehelseinstituttet, Haraldsplass Diakonale Sykehus, Haukeland sykehus–Helse Bergen, NORCE Helse, Vestland fylkeskommune (tannhelsetenesta), Universitetet i Bergen og VID vitenskapelige høgskole.

Helseklynga har ulike faggrupper:

  • Fagleg forum
  • Faggruppe for eldrehelse og eldreomsorg
  • Faggruppe barn og unge
  • Faggruppe for migrasjon og innvandrarhelse
  • Faggruppe for lærings- og meistringsaktivitet
  • Faggruppe for registre
  • Faggruppe innovasjon og e-helse

I tillegg til brukarpanelet, har klynga óg eit studentpanel som er rådgjevande på tvers av dei ulike faggruppene.

Les meir her.

Brukarpanelet bidreg til å ta i vare pasientar, brukarar og pårørande sine interesser i saker som angår deira tilbod i helseklynga. Alrek helseklynge er organisert med ei styrings- og ei arbeidsgruppe. Det er oppretta ulike faggrupper som skal sikre langsiktige strategiske prioriteringar, mellom anna ei faggruppe for lærings- og meistringsaktivitet. Alle samarbeidspartnarane har representantar i dei ulike faggruppene og møtast på tvers.

Aktiv brukarmedverknad

Brukarpanelet blei etablert hausten 2018 og er sett saman av representantar frå ulike brukar- og pasientorganisasjonar. I dette panelet sit mellom anna Kristin Tuven. Ho har erfaringsbakgrunn som pårørande innan psykisk helse og er òg representant i erfaringspanelet for psykisk helse og rus i Helse Bergen. Tuven er tilsett som høgskulelektor ved VID vitenskapelige høgskole i Bergen.

Ho fortel at det å samle store og ulike aktørar gjev unike moglegheiter for samarbeid, utvikling av tenester og forsking på tvers av ulike miljø og faggrupper. Både brukarpanelet og faggruppene kan melde inn saker. Formelt sagt skal ein ha brukarperspektivet inn i alle miljøa, alle faggruppene.

– Alrek helseklynge er ein arena som gjev moglegheiter, ein plass der ein kan oppdaga kvarandre på ein ny måte og utvikle seg saman. Dette er gullet med helseklynga, uttalar Tuven.

Gjensidig kompetanseheving

Brukarpanelet bidreg til å styrke kompetansen om brukarmedverknad i helseklynga og å sette det på agendaen.

– Helsepersonell og leiing treng òg kompetanse om kva brukarmedverknad er og korleis det kan praktiserast, som fenomen i seg sjølv samt å forstå kva som ligg i erfaringskompetansen, seier ei engasjert Tuven.

I juni 2021 blei det pilotert ein Brukarstyrt dag som fylgje av eit prosjekt som fekk samarbeidsmidlar frå Alrek helseklynge. Idèen blei til i samspel mellom Brukarpanelet, Lærings- og mestringssenteret (LMS) i Bergen og Faggruppe for lærings- og mestringsaktivitet i helseklynga. Arbeidsgruppa hadde eit ynskje om å realisere prinsippet om at brukar- og fagkunnskap skal likestillast i lærings- og meistringsarbeidet. Det ville dei gjere ved å byggje vidare på LMS sitt etablerte kurs i helsepedagogikk og utvikle ein ekstra kursdag som skulle vere brukarstyrt. Dagen skulle bli planlagt, gjennomført og evaluert av brukar- og pårøranderepresentantar, i samarbeid med LMS og faggruppa for lærings- og mestringsaktivitet.

– Kvifor snur vi ikkje meir på dette, at brukarrepresentantar kan dele av sin kunnskap til fagpersonar? Kompetanse om brukarmedverknad kan styrkast ved å gje oss døme, både i form av erfaringshistorier og korleis tenestene kan styrkast. Dette vil gje ein gevinst som helsetenesta kan dra nytte av. Erfaring viser eit skrikande behov for kompetanse, kritisk tenking og metodikk. Alrek er ein eigna arena for å rigge dette, uttalar Tuven.

Arrangørane av brukarstyrt dag: (f.v.) Line Sætre Skarstein (Bergen kommune), Marianne Clementine Håheim (leiar av brukarpanelet 2018 – 2021), Marie Tjelta (leiar, LMS) og Kristin Tuven (brukarpanelet) Foto: Hilde Blindheim Børve

Etter piloten sist sommar har Brukarstyrt dag blitt gjennomført som éin av fem dagar på det helsepedagogiske kurset som lærings- og mestringssenteret i Bergen arrangerer.

– Dagen vart òg ein pilot for å teste ut både innhald og konsept til noko som kan bli brukt og vidareutvikla for å betre kompetansen om brukarmedverknad i ulike delar av helse- og sosialsektoren. Ein slik brukarstyrt dag kan òg skreddarsyast inn mot spesielle grupper, seier Tuven.

Mot eit ressurs- og kompetansesenter for brukarmedverknad

Alrek helseklynge deler ut samhandlingsmidlar til prosjekt som partnarane i klynga kan gå saman om å søke på. Brukarpanelet, med fleire av partnarane i klynga, har fått tildelt midlar til eit forprosjekt som har som hovudambisjon å etablere eit Ressurs- og kompetansesenter for brukarmedverknad for forsking, tenester og innovasjon. Ein kan lese meir om prosjektet på nettsida til Alrek helseklynge.

Senteret vil vere eit bindeledd mellom partnarar i Alrek, samarbeidspartnarar og ulike pasient- og brukarorganisasjonar, som skal styrke brukarmedverknad på ulike vis.

Ambisjonen er å utvikle ein modell der senteret er sjølvfinansiert gjennom oppdrag av ulik karakter. Det kan vere ein kombinasjon av prosjektbaserte oppdrag og meir langvarige engasjement frå partnarar i Alrek. På sikt vil senteret òg kunne ta oppdrag frå andre aktørar, som kommunar, verksemder, sjukehus og utdannings- og forskingsinstitusjonar andre plassar i landet.

Samarbeid gjev resultat

Ifølge Tuven viser Alrek helseklynge korleis forankring og erfaringskunnskap sett i system bidreg til å forbetre helsetenestene.

– I prosjekta eg har vore involvert i opplever eg at det skjer noko når fagfolk, forskarar og menneske med erfaringskompetanse samlast og møtast med gjensidig respekt, nysgjerrigheit og interesse. Saman klarer ein å belyse problemstillingar og sjå moglegheiter som den einskilde part elles ikkje klarer åleine. Begge prosjekta, både Brukerstyrt dag og Ressurs og kompetansesenteret for brukarmedverknad er døme på dette, avrundar Tuven.

Tekst: Hilde Blindheim Børve
Fotograf – artikkelbilde: Eivind Senneset, Alrek Helseklynge

  • Publisert: 21. februar 2022.
  • Sist oppdatert: 22. februar 2022.