Publisert

Ny forskar ved NK LMH

Kari Eika

Kari Eika har byrja som forskar ved NK LMH. Forskingsfeltet hennar er kvalitets- og styringsutfordringar i helse- og velferdstenestene, spesielt tenester retta mot utsette grupper.

Kari EikaMeistring, førebygging, rehabilitering og måling og evaluering av kvalitet, mellom anna kvalitetsindikatorar, er sentrale tema også for det Kari vil arbeide med her ved Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH).

Tidlegare forsking

Kari er tverrfagleg orientert, tematisk så vel som metodisk. Forskinga hennar har eit tydeleg brukar- og pårørandeperspektiv, og fleire av arbeida hennar gjer tydeleg korleis desse perspektiva også er forskjellige.

I doktoravhandlinga si lanserte ho omgrepet svak konsumentsuverenitet (limited consumer sovereignty) og utforska korleis det å vera avmektig, fordi ein manglar fysiske eller kognitive ressursar, eller er mindreårig, gir opphav til andre styringsutfordringar enn det å mangle informasjon om tenestene. Ho peikar på behovet for å sikre kritisk refleksjon og høve til etterprøving av autoritetsutøving (contestable authority) i tenestene til menneske som sjølv har vanskar med å ivareta eigne interesser.

Bakgrunn

Kari er samfunnsøkonom (cand. oecon.) og har ph.d. (2006) frå Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo der ho også har vore postdoktor.

Ho har tidlegare arbeidd i Kommunetenesteavdelinga i Helse- og omsorgsdepartementet (2010–2014), og før det i Forskingsavdelinga i Norges Bank.

Vi ønskjer Kari velkomen til NK LMH!

  • Publisert: 28. august 2014.
  • Sist oppdatert: 28. august 2014.