Publisert

Ny foldar: Kva skjer ved NK LMH?

Forside, statusfolder NK LMH april 2015

Last ned og bruk foldar som viser kva som er NK LMH sine oppgåver, og kva NK LMH jobbar med akkurat no.

Forside, statusfolder NK LMH april 2015
Gå til verktøykassa og last ned foldaren der.

Når vi ved Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) er ute og snakkar med folk på konferansar eller i andre samanhengar, skal vi ofte fortelje kva vi jobbar med og kva ressursar som finst på nettsida vår mestring.no. Vi har laga ein statusfoldar som vi kan dele ut då.

Kan brukast av lærings- og meistringsfeltet

Vi ønskjer å dele foldaren med dykk i lærings- og meistringsfeltet i tilfelle de òg skal fortelje om NK LMH og treng noko skriftleg å støtte dykk til.

Foldaren blir oppdatert ved behov. Skal de bruke den, anbefaler vi derfor at de går innom sida i verktøykassa med materiell om NK LMH og ser om den er oppdatert sidan sist de brukte den.

Gå til verktøykassa og last ned foldaren der.

PowerPoint-presentasjon kjem

Vi skal òg lage ein PowerPoint-presentasjon med informasjon om kva NK LMH jobbar med. Denne kjem på mestring.no i mai.

 

Skrive av Norunn K. Torheim

  • Publisert: 30. april 2015.
  • Sist oppdatert: 30. april 2015.