Kunnskapsbasert praksis

Kunnskapsbasert praksis avgjerande for gode helse- og omsorgstilbod

Systematiske oversikter

Det finst mange systematiske oversikter. Oversikter innan helserelatert forsking er tilgjengelege for alle via Helsebiblioteket. I Noreg er Helsebiblioteket ein viktig aktør og pådrivar for kunnskapsbasert praksis ved blant anna å samle inn og kritisk vurdere tilgjengeleg forskingsdokumentasjon og formidle denne kunnskapen. Internasjonalt er Cochrane-samarbeidet og Campbell-samarbeidet leiande innan dette arbeidet.

Litteratursøk, illustrasjonsfoto iStockphoto.comSkal du sjølv gjere eit systematisk litteratursøk? Les vår artikkel om korleis du finn fram i forskingslitteraturen.

I ein allereie hektisk jobbkvardag kan det kan vere krevjande å halde seg oppdatert og handtere den store mengda forskingsinformasjon som finst der ute. Då er forskingsoversikter gode å ha.

For at forsking skal kunne gi oss eit godt utgangspunkt for å ta gode val, må den samlast, oppsummerast, og ikkje minst, vurderast kritisk. Å samle inn, sortere og oppsummere forskingsbasert kunnskap på ein systematisk måte, blir kalla å lage systematiske oversikter (sjå faktaboks).

– Ved å oppsummere relevant forsking på effektar av ulike tiltak for personar som har langvarige helseutfordringar, og deira pårørande, kan vi bidra til velinformerte val om kva slags tilbod og oppfølging dei bør få, seier Marita Sporstøl Fønhus. Ho er seniorforskar ved Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH).

– Det er spesielt viktig å ha tilgang til systematiske oversikter og vurdere innhaldet i desse med kritiske auge der nytteverdien av tiltak er usikker, der det er ulik praksis, der problemstillinga gjeld mange og der fagmiljøa er ueinige, påpeikar Fønhus.

Ho meiner det er ei viktig oppgåve for nasjonale kompetansetenester som NK LMH, å spreie kunnskap frå slike oversiker innan sitt felt. For NK LMH er det òg eit mål å arbeide med eigne kunnskapsoversikter der det er behov for det.

Kunnskapsbasert praksis
Figur kunnskapsbasertpraksis.no.

Erfaringsbasert brukar- og fagkunnskap

NK LMH meiner at kunnskapsbasert praksis bør vere eit mål når ein utformar retningslinjer og prosedyrar som skal følgjast når ein utviklar og gjennomfører lærings- og meistringstilbod.

Fønhus understrekar at kunnskapsbasert praksis baserer seg på meir enn systematisk innhenta forskingsbasert kunnskap aleine.

– Vi må òg ta med brukarkunnskap og brukarmedverking saman med erfaringsbasert kunnskap hos fagfolk, seier ho.

– Brukarkunnskap og brukarmedverking er brukarane sine kunnskapar, erfaringar, verdiar, ønskjer og behov. Erfaringsbasert kunnskap hos helse- og omsorgspersonell er blant anna ferdigheiter og vurderingsevne, kommunikasjon og relasjonar utvikla i praksis.

Les meir:

Sjå nettsida vår der vi presenterer oppsummert forsking.

Les meir om kunnskapsbasert praksis i Helsebibliotket.

Les meir om kunnskapsbasert praksis og velinformerte beslutningar  her (Cochrane Norge).

Fyll ut skjemaet for å stille oss spørsmål, komme med innspill eller kommentarer. Vi svarer vanligvis i løpet av en arbeidsuke. Din tilbakemelding bidrar til at vi kan fortsette å forbedre innholdet på nettsiden vår.

"*" obligatorisk felt

  • Publisert: 14. juni 2014.
  • Sist oppdatert: 7. juli 2023.