Publisert

Innspel til ny folkehelsemelding

NK LMH har nyleg gitt innspel til ny folkehelsemelding der vi legg vekt på auka helsekompetanse, lik tilgang til lærings- og meistringstilbod og styrka kompetanse innan helsepedagogikk.

Det er Helse- og omsorgsdepartementet som har starta arbeidet med ei ny stortingsmelding om folkehelsepolitikken i Noreg som dei vil fremje våren 2023.

Likeverdig tilgang på gode tenester for eit meir berekraftige samfunn

Det å handtere eigen helse og meistre eige liv er viktig for å styrke den einskilde og samfunnet sin robustheit. På den måten kan læring og meistring innan helse bidra til eit meir berekraftig samfunn kor god helse og livskvalitet for alle står sentralt.

Det som NK LMH ser som tydelege behov og viktige innsatsområde er å

  • Sørge for lik tilgang til lærings- og meistringstilbod i helse- og omsorgstenesta generelt og styrke tilbod i kommunal samanheng spesielt. Likeverdig tilgang til lærings- og meistringstilbod av god kvalitet vil bidra til at folk er betre i stand til å ta vare på eiga helse og handtere eigne liv.
  • Styrke kompetanse innan helsepedagogikk blant fagpersonell og brukarmedverkarar/-representantar som ein føresetnad for å leggje til rette for læring og meistring. Vi meiner det er viktig at ei ny folkehelsemelding adresserer helsepersonell sitt pedagogiske ansvar og oppgåver. Helsepedagogisk kompetanse bør bli anerkjent i form av kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Lærings- og meistringstilbod gir betre helse og samfunnsøkonomisk gevinst

Forsking viser at pedagogiske tilbod med mål om læring og meistring har positiv betydning for helse og livskvalitet og gir samfunnsøkonomisk gevinst. Tilboda bidreg med auka kunnskap og bevisstheit om eigen helse, gjensidig læring, støtte og håp, og auka sjølvstende, meistring og myndiggjering. Det kan føre til færre sjukedagar frå jobb og skule, færre besøk til fastlege eller i poliklinikk, færre innleggingar på sjukehus og akutte innleggingar, eller kortare opphald på sjukehus.

Kompetanse i helsepedagogikk er vist å vere avgjerande for at deltakarane skal ha utbytte av lærings- og meistringstilbod. Derfor meiner NK LMH det er viktig at regjeringa trekkjer veksel på kunnskapsgrunnlaget som føreligg, samt stimulerer til vidare kunnskapsutvikling på dette fagområdet.

Lærings- og meistringsverksemd omhandlar sosial innovasjon og berekraft. NK LMH meiner at denne verksemda bør får større prioritet og status som ein viktig og nødvendig del av det helsefremjande og førebyggjande arbeidet i Noreg.

Les heile innspelet til høyringa her.

Ei oversikt over alle våre høyringsinnspel finn du her.

Tekst: Anita Røyneberg Alvheim

  • Publisert: 25. april 2022.
  • Sist oppdatert: 25. april 2022.