Publisert

Kunnskapsbasert praksis avgjerande for gode helse- og omsorgstilbod

I ein allereie hektisk jobbkvardag kan det kan vere krevjande å halde seg oppdatert og handtere den store mengda forskingsinformasjon som finst der ute. Då er forskingsoversikter gode å ha.

Systematiske oversikter

Det finst mange systematiske oversikter. Oversikter innan helserelatert forsking er tilgjengelege for alle via Helsebiblioteket.  Finner mer om kunnskapsbasert praksis i Helsebiblioteket her.

Internasjonalt er Cochrane-samarbeidet og Campbell-samarbeidet leiande innan dette arbeidet.

For at forsking skal kunne gi oss eit godt utgangspunkt for å ta gode val, må den samlast, oppsummerast, og ikkje minst, vurderast kritisk. Å samle inn, sortere og oppsummere forskingsbasert kunnskap på ein systematisk måte, blir kalla å lage systematiske oversikter (sjå faktaboks).

– Ved å oppsummere relevant forsking på effektar av ulike tiltak for personar som har langvarige helseutfordringar, og deira pårørande, kan vi bidra til velinformerte val om kva slags tilbod og oppfølging dei bør få, seier Marita Sporstøl Fønhus. Ho er seniorforskar ved Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH).

– Det er spesielt viktig å ha tilgang til systematiske oversikter og vurdere innhaldet i desse med kritiske auge der nytteverdien av tiltak er usikker, der det er ulik praksis, der problemstillinga gjeld mange og der fagmiljøa er ueinige, påpeikar Fønhus.

Ho meiner det er ei viktig oppgåve for nasjonale kompetansetenester som NK LMH, å spreie kunnskap frå slike oversiker innan sitt felt. For NK LMH er det òg eit mål å arbeide med eigne kunnskapsoversikter der det er behov for det.

Kunnskapsbasert praksis
Figur kunnskapsbasertpraksis.no.

Erfaringsbasert brukar- og fagkunnskap

NK LMH meiner at kunnskapsbasert praksis bør vere eit mål når ein utformar retningslinjer og prosedyrar som skal følgjast når ein utviklar og gjennomfører lærings- og meistringstilbod.

Fønhus understrekar at kunnskapsbasert praksis baserer seg på meir enn systematisk innhenta forskingsbasert kunnskap aleine.

– Vi må òg ta med brukarkunnskap og brukarmedverking saman med erfaringsbasert kunnskap hos fagfolk, seier ho.

– Brukarkunnskap og brukarmedverking er brukarane sine kunnskapar, erfaringar, verdiar, ønskjer og behov. Erfaringsbasert kunnskap hos helse- og omsorgspersonell er blant anna ferdigheiter og vurderingsevne, kommunikasjon og relasjonar utvikla i praksis.

Les meir:

Sjå sak om faktaarket vårt «Oppsummert forsking – tolkninger og vurderinger: Mestringskurs for personer som har kronisk sykdom, ledet av lekfolk».

Sjå nettsida vår der vi presenterer oppsummert forsking.

Les meir om kunnskapsbasert praksis i Helsebiblioteket.

  • Publisert: 19. mars 2013.
  • Sist oppdatert: 7. juli 2023.