Hva skjer når brukere og fagpersoner samarbeider om å utvikle tjenester? Hør Ann Britt fortelle hva forskningen sier om betydningen av et slikt samarbeid.
Om Spor av mestring
Spor av mestring er en podkast om menneskemøter i helsetjenesten. I podkasten møter du erfarne brukerrepresentanter og fagpersoner i samtale med spesialrådgiver Hilde Blindheim Børve. Du får høre historier og erfaringer fra mennesker med ulik bakgrunn, kompetanse og innsikt som forteller om mestring i ulike sammenhenger. Podkasten driftes av Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH). Produksjon og musikk er ved Hans-Erik Zweidorff.
Her finner du Spor av mestring
Du finner podkasten der du vanligvis lytter til podkaster. Søk etter Spor av mestring eller klikk deg direkte inn via lenkene under:
I episode 6 hører du stipendiat Ann Britt Sandvin Olsson i samtale med programleder Hilde Blindheim Børve. De to snakker om resultatene fra den første artikkelen, en litteraturoppsummering, i Ann Britt sitt doktorgradsarbeid. Denne artikkelen tar for seg forskning om betydningen av aktivt å involvere pasienter, brukere, brukerrepresentanter eller pårørende i utvikling av helsetjenester. Blant annet snakker de to om at ulike typer brukermedvirkning har ulik betydning for fagpersoners rolle i samarbeidet.
Les episoden her
[Jingle intro]
–Korleis kan helsetenesta leggje til rette for læring og meistring og auka helsekompetanse? Meistring er ein individuell prosess, utan oppskrift, men kan me vise til nokre stiar som andre har gått opp? Velkommen til Spor av mestring, ein podkast i regi av Nasjonal kompetanseteneste for læring og meistring innan helse. Namnet mitt er Hilde Blindheim Børve, eg er spesialrådgjevar og har i mange år jobba med pedagogikk i ein helsekontekst.
Hilde startar episoden med å ønskje Ann Britt Sandvin Olsson velkommen. Ann Britt er kollega av Hilde og har i mange år jobba som spesialrådgjevar ved Nasjonal kompetanseteneste for læring og meistring innan helse (NK LMH).
Ann Britt synes det er veldig kjekt å få vere med i podkasten og startar med å fortelje litt om seg sjølv og reisa si som stipendiat. Ho er vestlending som Hilde. Ho starta utdanninga si i USA kor ho studerte forskingsretta psykologi og fortsette med fysioterapiutdanning i Bergen. Ho jobba i turnus på sjukehuset i Hammerfest og Kvalsund kommune før ho reiste til Oslo og starta som fysioterapeut på Oslo Universitetssjukehus (OUS). Der jobba ho på hjarte- og lungeavdelinga, og thorax, og ei stund på barnesenteret, fortel ho. Så tok ho hovudfag i helsefag ved Universitetet i Oslo og enda opp med å leie eit familieprosjekt ved det som då var NK LMS – Nasjonalt kompetansesenter for læring og meistring (seinare NK LMH – Nasjonal kompetanseteneste for læring og meistring innan helse). Der jobba ho ein del år før ho blei spesialrådgjevar ved NK LMH. For tida er ho stipendiat, som betyr at ho held på med ein doktorgrad. Det arbeidet er finansiert av Stiftelsen DAM og NK LMH ved OUS.
Nytt forskingsfelt
Hilde ber Ann Britt seie litt om brukarmedverknad på tenestenivå, som er det ho forskar på. Ann Britt fortel at brukarmedverknad på tenestenivå er eitt av tre ulike nivå innan brukarmedverknad. Der handlar det om at brukarrepresentantar, eller brukarar og pårørande, samarbeider med fagpersonar, ofte frå ulike bakgrunnar, for å lage nye eller forbetre helsetenester.
–Det er samarbeidet me ser på og som står i fokus i dette prosjektet, fortel ho.
Hilde fortel at den første artikkelen i doktorgradsarbeidet til Ann Britt er publisert i det anerkjente tidsskriftet Patient Education and Counseling. I det arbeidet har dei gått gjennom forskingslitteraturen og søkt og lese seg fram til 34 studiar som har sett på brukarmedverknad i tenesteutvikling. Hilde lurer på kva slags studiar dei har sett på i dette arbeidet. Ann Britt fortel at i fagområdet læring og meistring er brukarmedverknad på tenestenivå et relativt nytt forskingsfelt. Forskinga på dette feltet har berre helde på i omlag 20 år. Det betyr at det ikkje er gjort så mykje forsking på brukarmedverknad i tenesteutvikling. Ho forklarer videre om prosessen med å finne forsking som andre allereie har gjort. Dei starta med å søke i ulike databasar (databasar for forsking) som resulterte i over 12 000 titlar (som svarar til forskingsstudiar). Dei såg og las gjennom titlar, samandrag og artiklar til dei til slutt satt igjen med 34 artiklar, som svarer til 34 ulike studiar. Ho seier at det er viktig å gå breitt ut når ein skal undersøkje eit nytt felt, derfor har dei med både kvalitative og kvantitative forskingsartiklar. Dei har òg sett på studiar som går inn i psykisk helse, i spesialist- og kommunehelsetenesta og studiar som ikkje har ei tydeleg forankring i primær-, tertiær-, eller spesialisthelsetenesta.
–Det me ønska å undersøkje, seier Ann Britt, er i kva grad det betyr noko at brukarrepresentantar samarbeider med fagpersonar om å lage nye, eller forbetre gamle, helsetenester. Me fann, basert på dei 34 artiklane, seks områder kor studiane viser effekt. Tre av områda er knytt til sjølve samarbeidet mellom brukarrepresentantar og fagpersonar, og tre er knytt til effekten det har på tenestetilbodet. På tenestetilbodet har me sett både på organisasjonen, på sluttbrukarane, som er brukarar, pasientar og pårørande, og på helsepersonell som jobbar i organisasjonen.
Ulike måtar å involvere brukarrepresentantar på
–I artikkelen beskriv du at det er mange ulike måtar å involvere brukarrepresentantar på i utvikling av tenester. Kva er dei mest vanlege måtane å gjere det på?, spør Hilde.
Ann Britt svarar at dei 34 artiklane viste at dei tenkjer på brukarmedverknad på fleire måtar.
–Å ha med brukarrepresentantar inn i prosjektgrupper eller arbeidsgrupper er mest vanleg. Det er ganske likt sånn som me er vant til å gjere det i lærings- og meistringsfeltet, seier ho, at me tek med to brukarar inn i samarbeidet med fagpersonar for å lage nye tilbod. Det kan òg vere som medlem i eit panel eller ein komité eller referansegruppe. Den tredje vanlegaste måten å rapportere brukarmedverknad på er å vere med i workshop eller fokusgruppeintervju. Den fjerde er å bli spurt av fagfolk som ønskjer og treng innspel, meir som ein konsultasjon, seier ho vidare. Dette er dei mest vanlege måtane som blir nemnte som brukarmedverknad i studiane me har sett på, avsluttar ho.
Sentrale funn
Hilde lurar på kva slags betydning involvering av brukarar har og ber Ann Britt nemne nokre funn frå studien sin. Ann Britt svarer at den viser tydeleg at det aller mest vanlege er positive effektar frå samarbeidet, men at det òg er nokre negative. Ho spør smilande om Hilde ønskjer å høyre dei positive først. Hilde svarar smilande at det vil ho.
–Me har funne ganske mykje, seier Ann Britt, men eg skal trekkje fram nokre hovudfunn. Resultata er ganske tydelege på at viss det er eit ønskje å få til meir brukarmedverknad i ein organisasjon, er det smart å starte med eit prosjekt kor brukarane blir involverte. Då spreier det seg i organisasjonen både ved at dei får opp auga og dei får kompetanse og tryggleik for måten å jobbe på. Dei lærar korleis dei skal gjere det. Det gjelde både fagpersonar og brukarrepresentantar. Viss målet med brukarmedverknad er meir effektive tenester, indikerer resultata frå vår litteraturstudie at det er lurt å ha med brukarrepresentantar, for dei veit kor det er lite effektivt. Når dei sit og ventar i gangane og lurer på kvifor dei må vente i fleire timar, får dei god tid til å tenkje, seier ho. Då kjem dei opp med mange gode moglegheiter for forbetringar, og då kan jo tenestene óg bli billigare. Så er det det tredje som óg er veldig viktig, seier Ann Britt, at tenestene blir meir tilpassa brukarane sine behov. Fire av studiane nemner at det i siste rekke påverkar helsa til sluttbrukar for tenestene treff betre.
Ann Britt lurer på om Hilde vil høyre om dei negative punkta og, og det vil ho.
–Det er i alle fall sånn at nokon av dei som er med inn i samarbeidet, og særleg brukarrepresentantane, ikkje veit kvifor dei er med. Det er ikkje ein enkel sak, seier ho. Viss dei ikkje veit kvifor dei sit der kan dei ikkje gjere ein god jobb. Då blir det mykje usikkerheit og mye negativitet knytt til det. Når brukarrepresentantane ikkje får gjort ein god jobb, mistar fagpersonane tolmodet, og det blir ingen god prosess. Der det ikkje ligg til rette for å få til gode prosessar ved at folk veit kva dei skal drive med og kva som er forventa av dei, blir det negativt. Det gjeld både fagpersonar og brukarrepresentantar, men ofte er brukarrepresentantane i ein meir sårbar posisjon. Då har ikkje brukarrepresentantane lyst til å delta fleire gonger. Det er nokre av dei negative funna, og konsekvensane av det, seier ho.
–Med andre ord er det vesentleg at alle veit kvifor dei er med, og kva dei skal vere med på, oppsumerar Hilde. God informasjon, tryggleik og avklaring i rolla og av forventningar, så enkelt og samtidig så vanskeleg?, spør Hilde.
–Ja, det er nokre gode poeng, svara Ann Britt.
Implikasjonar for praksis
–Eg lurer vidare på korleis me kan ta i bruk desse resultata i praksis, spør Hilde. Du har snakka om å legge til rette frå leiinga, men er det nokre spesielle kriterium som aukar sjansen for suksess for medverknad i utvikling av tenester?
Ann Britt seier at det er det, og at dei har lage ei liste som er basert på det dei 34 artiklane sjølv lista opp.
–Det er fire ting som blir nemnt aller mest. Det første og mest avgjerande er å ha støtte til brukarmedverknad frå leiinga. Ein anna ting som ofte blir nemnt, er viktigheita av å inkludere brukaren som ein del av teamet eller prosjektgruppa. At dei verkeleg blir med i prosjektarbeidet. At deltakarane blir kjent med kvarandre og får gjensidig respekt for kvarandre og på det grunnlaget kan jobbe saman. Det første er meir praktiske ting som å få støtte frå leiinga og avklare roller. Det med å inkludere folk, og respekt går meir på haldningar. Det er andre måtar å jobbe på, med andre teknikkar for å få det til.
–Det høyrest kjend ut det du seier her, seier Hilde, og lurer på om det er noko meir Ann Britt vil trekkje fram heilt på slutten.
–Kanskje det at brukarmedverknad kan bli gjort på forskjellige måtar, seier Ann Britt. Det er viktig å tenkje nøye gjennom kva type medverknad som trengs i kva for ein samanheng. Og kva følgjer det kan få for fagpersonane og brukarrepresentantane, samarbeidet dei i mellom og for resultatet. For vi som fagpersonar kan i stor grad bestemme kva medverknad me vil ha frå brukarrepresentanten. Da må me samstundes tenkje over kva me må gje av rom når me inkluderer brukarmedverknad frå vår side. Uansett tenkjer eg at det er viktig å vere klar over at forma for medverknad som me vel har betydning for alle involverte og særleg for rollen som fagpersonen sjølv får i det samarbeidet, seier Ann Britt.
–Til slutt vil eg og nemne dei som har jobba med meg i denne studien, seier Ann Britt. Det er Anita Strøm som er hovudrettleiar, Una Stenberg og Mette Haaland-Øverby som er kollegaer frå NK LMH og Kari Fredriksen som jobbar ved lærings- og meistringssenteret ved sjukehuset i Stavanger.
Hilde synes det har vore ein spennande prat og takker for denne gong. Ho veit at det snart vil bli publisert fleire artiklar frå Ann Britt sitt arbeid og vil då invitere ho tilbake for å snakke meir om forsking innan brukarmedverknad.
[Jingle outro]
På gjenhøyr til nye samtalar om spor av meistring.