Gode dokumentasjonssystem er ein føresetnad for å synleggjera lærings- og meistringstenesta, styrke kunnskapsgrunnlaget og sikre god styringsinformasjon. NK LMH vil saman med lærings- og meistringsfeltet arbeide for å betre dokumentasjonssystema og vurdere kva som kan vera eigna indikatorar for kvalitet og aktivitet.
Lærings- og meistringstenesta ikkje er godt dokumentert i dag, og vi manglar god oversikt over kva som finst av registerdata om tenesta.
Gjennom forskings- og utviklingsprosjektet Styringsinformasjon for lærings- og meistringstenestene – dokumentasjonssystem og kvalitetsindikatorar vil Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) ta initiativ til, legge til rette for og koordinere eit landsdekkande nettverk i lærings- og meistringstenesta.
Nasjonalt nettverk på tvers av helseføretaka
Nettverket skal ha som siktemål at vi får ein god og einskapleg registreringspraksis, og at registerinformasjon om lærings- og meistringstenesta er tilgjengeleg og blir etterspurt til kvalitetssikring, fagutvikling, styring og forsking.
Nettverket skal bidra til god dialog og godt samarbeid om dokumentasjonssystem og økonomisk-administrative styringsverkemiddel som understøttar velfungerande lærings- og meistringstenester, på tvers av helseføretaka. Vidare skal nettverket innanfor lærings- og meistringsfeltet bidra fagleg inn i Helsedirektoratet sitt arbeid med eit nasjonalt system for kvalitetsindikatorar, og vil særleg sjå på korleis brukarerfaringar kan vektleggast i dette arbeidet.
Nyttig òg for kommunane
Prosjektet gjeld i fyrste omgang spesialisttenesta. Det er likevel eit mål at resultata i prosjektet skal vere nyttige i utbygginga av den kommunale lærings- og meistringstenesta og i arbeidet med å betre samhandlinga mellom tenestenivåa.
Prosjektgruppe på plass
NK LMH har oppretta ei prosjektgruppe som no har hatt sitt fyrste møte. Gruppa består av
- Maria Ljungløf, Helse Førde HF
- Tora-Lovise Kvande, Universitetssykehuset Nord-Norge HF (UNN)
- Tove Lill Falstad, Helgelandssykehuset HF
- Anne Hellum, Stab samhandling og internasjonalt samarbeid, Oslo universitetssykehus HF (OUS)
- Mirjam Smedsrød, Regional kompetansetjeneste for pasient- og pårørendeopplæring, Helse Sør-Øst RHF
- Toril Kvisvik, Helse Møre og Romsdal HF
- Bente Berg, NK LMH
- Kari H Eika, NK LMH (prosjektleiar)
Det var god stemning på møtet og stort engasjement. Gruppa var samstemte om utfordringane som prosjektet skal ta tak i, og at kartlegging av registreringspraksis i dag er det vi bør ta fatt på fyrst. Planen er òg å byggje vidare på allereie etablerte nettverk rundt om i landet, når ein skal etablere eit nettverk for arbeidet.
Tidsramme
Prosjektet varar ut 2016.
Skrive av Kari H Eika, seniorforskar ved NK LMH og leiar for prosjektet