I slutten av oktober var det nye regionale nettverket for læring og meistring i Helse Vest RHF, samla for første gang. Koordinator for nettverket, Sølvi Heimestøl frå Helse Fonna HF, har kompetanseutvikling og kommunesamarbeid øvst på si arbeidsliste.
Sølvi Heimestøl frå Helse Fonna HF byrja i jobben som nettverkskoordinator for det nyoppretta nettverket for læring og meistring i Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) 1. oktober i år.
Den 30. og 31. oktober samla ho tilsette i lærings- og meistringssentra i helseføretaka i regionen (sjå tekstboks til høgre) til nettverkssamling i Bergen.
Mandat og oppgåver
På samlinga presenterte både Heimestøl og Hilde Rudlang frå Helse Vest RHF mandatet og oppgåvene til nettverket (sjå tekstboks under). I tillegg presenterte Helse Bergen HF og Helse Fonna HF korleis dei har kome i gang med samhandling om lærings- og meistringstenester med kommunane i sine område.
Læring og meistring i Helse Vest RHF
Helse Vest har
– lærings- og meistringssenter (LMS) i alle helseføretaka (Helse Førde HF, Helse Bergen HF, Helse Fonna HF, Helse Stavanger HF )
– der er òg LMS ved to private, ideelle institusjonar
– det er til saman 10 LMS i Helse Vest
– to av LMS-a er innanfor psykisk helsevern
Dette er noko av det Helse Vest RHF skriv om læring og meistring på sine nettsider:
LMS er eit opplæringssenter for pasientar med kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne, og deira pårørande. Målet for tilbodet er å bidra til auka livskvalitet gjennom betre meistring av livet med sjukdommen.
Ein grunntanke i arbeidet ved lærings- og meistringssentra er at brukarerfaringar skal vere utgangspunktet for rettleiing og informasjon. Læringstilbodet blir derfor utvikla i tett samarbeid med fagmiljøa i sjukehusa og dei enkelte brukarorganisasjonane.
Bakgrunn for nettverket
Det regionale nettverket for læring og meistring i Helse Vest RHF vart etablert som følgje av tilrådingar i rapporten «Gjennomgang og strategisk utvikling av pasient- og pårørandeopplæring i Helse Vest» som vart lagt fram for Helse Vest RHF vinteren 2012.
Hausten 2012 utlyste Helse Vest RHF midlar til å leie og drifte nettverket, og det vart Helse Fonna HF som fekk tildelinga. Der gjekk jobben då til Sølvi Heimestøl.
Rollen som nettverkskoordinator
Som nytilsett nettverkskoordinator fekk Heimestøl først i oppgåve å etablere nettverket. Sjølv har ho 60 prosent stilling. Med seg har ho fått fire personar i 20 prosent bindeleddstillingar – ein person i kvart helseføretak – som viktige støttespelarar.
I nettverksgruppa ho har etablert, er det i tillegg med brukarrepresentantar, ein representant frå Kommunesektorens organisasjon KS og ein representant frå ideelle, private institusjonar,
No blir oppgåva til Heimestøl å koordinere og leie det nye nettverket og ha ansvar for årleg rapportering. Nettverksgruppa skal sjå på kva dei kan gjere saman i Helse Vest RHF, og arrangere regionale fagsamlingar.
Det er eit omfattande mandat de har fått og mange oppgåver som skal utførast. Kan du seie noko om kva du vil ta tak i først?
– Kompetanseutvikling og kommunesamarbeid er to viktige område der det er engasjement og nyutvikling i alle føretaka. Her kan vi vinne mykje på å samordne oss, dele erfaringar og lære av kvarandre, seier Heimestøl.
Nasjonalt perspektiv
Spesialrådgivar ved Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH), Kari Hvinden, var til stades på samlinga i Helse Vest RHF saman med underteikna, for å presentere kva NK LMH vil arbeide spesielt med dei neste tre åra.
Hvinden leiar NK LMH si satsing på å støtte opp under kommunane sitt arbeid med lærings- og meistringstenester.
– For meg var det spesielt nyttig å høyre korleis føretaka i Helse Vest RHF har tatt initiativ når det gjeld samhandlingsreforma, seier Hvinden.
På mestring.no kjem vi tilbake med omtale av helseføretaka i Helse Vest RHF sitt samarbeid med kommunane i forbindelse med NK LMH sitt arbeid med å beskrive gode modellar for kommunale lærings- og meistringstenester.
NK LMH gratulerer Helse Vest RHF med nytt regionalt nettverk og ser fram til samarbeid i åra som kjem.
Mandat og oppgåver for nettverket
Formål
Det regionale nettverket skal bidra til:
– å utvikle kunnskapsbaserte og likeverdige lærings- og meistringstilbod i heile regionen
– å styrke kompetansen
– ei samordna utvikling av arbeidsområdet i Helse Vest
– å finne balansen mellom kva for opplæringsoppgåver som skal løysast i kommunane og kva som skal løysast i spesialisthelsetenesta
Hovudoppgåver
– Gi innspel til Helse Vest RHF
> utvikling av pasient- og pårørandeopplæring i Helse Vest
> forslag til ein handlingsplan; utvikling av standardiserte arbeidsmetodar og kunnskapsdeling i regionen
– Fag- og kompetanseutvikling
– Koordinering mellom helseføretaka
– Samarbeid med og kompetansespreiing til kommunar
– Nasjonalt og interregionalt samarbeid
Nærare om oppgåvene
– Bidra til å utvikle samarbeidet mellom spesialisthelsetenesta og kommunane, og mellom anna vurdere arbeidsfordelinga mellom nivåa
– Utvikle eit regionalt kompetansetilbod innanfor helsepedagogikk og brukarmedverknad
– Samarbeide med Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse og andre regionale nettverk
– Bidra i forskings- og utviklingsarbeid for mellom anna å kartlegge beste praksis, utvikle effektmål og indikatorar
– Samarbeide med høgskule/universitet om relevante etterutdanningar
– Bidra i utviklinga av tilbodet til innvandrarar/ framandspråklege
– Bidra til at moderne teknologi blir teken i bruk i kommunikasjon, informasjon og opplæring
– Utvikle standardiserte opplæringsprogram og arbeidsmetodar
– Utvikle felles verktøykasse/hjelpemiddel; skjema, rapporter, konkrete praktiske råd
– Medverke til kunnskapsdeling på tvers av helseføretaksgrenser og mot kommunane
– Arbeide for at tilbod om pasient- og pårørandeopplæring inngår i pasientforløpa
– Vurdere behov for oppgåvedeling mellom føretaka i regionen
– Vurdere om det er behov for særskilte tiltak i høve tilbodet til barn og unge
– Samarbeide med Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i relevante saker, særleg i samband med utvikling av tilbodet til barn og unge
Tekst og foto: Norunn K. Torheim