Publisert

Meir merksemd omkring kodeverk og registreringspraksis

Arbeidsgruppa i prosjektet som jobbar for å betre dokumentasjonen av lærings- og mestringverksemda i spesialisthelsetenesta var førre veke samla til eit nettmøte for å diskutere innsamla data så langt.

Gjennom forskings- og utviklingsprosjektet Styringsinformasjon for lærings- og mestringstenestene – dokumentasjonssystem og kvalitetsindikatorar har Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) tatt initiativ til og koordinerer eit landsdekkande nettverk som skal styrke dialogen og samarbeidet på tvers av helseføretaka om dokumentasjonssystem og økonomisk-administrative styringsverkemiddel som legg til rette for gode lærings- og mestringstenester.

Mykje data på plass

Bunke med papirer og permerArbeidsgruppa i prosjektet er nå godt i gang med å kartlegge registreringspraksis ved eit utval helseføretak. Det er samla inn data som dekker alle helseregionar, både somatikk og psykiatri, barn og familiar, store og små sjukehus og sjukehus med ulik organisering av lærings- og mestringstenesta. På nettmøtet sette ein desse datakjeldene saman for å vurdere kva som synast vera viktige problemstillingar. Eitt tema på nettmøte var utforming og tolking av kodeverket. Eitt anna tema var forskjellar i registreringspraksis og avvik mellom faktisk aktivitet og registrert aktivitet.

Kartlegginga så langt viser at det har vore viktig å setja i gang dette prosjektet. Ein treng meir merksemd omkring registreringspraksis, dokumentasjons- og finansieringssystem dersom ein skal nå målet om ein einskapleg registreringspraksis og eigna styringsverktøy for lærings- og mestringstenestene.

Utfordringar og moglegheiter

Prosjektarbeidet skal munne ut i ein rapport om kodeverk og registreringspraksis av deltaking på lærings- og mestringstilboda i spesialisthelsetenesta. Rapporten vil peike på utfordringar det må jobbast med på ulike nivå i helseføretak og helseforvalting for å styrke det faglege utviklingsarbeidet, gjera lærings- og mestringstenestene meir synlege og få betre samsvar mellom helsepolitiske mål for læring og mestring og faktiske prioriteringar i sjukehusa.

Les meir:

Skrive av Kari H Eika, seniorforskar ved NK LMH og leiar for prosjektet

  • Publisert: 24. februar 2016.
  • Sist oppdatert: 2. mars 2016.