Publisert

Nye (film-)ressursar innan helsepedagogikk

Lurer du på kva helsepedagogikk er eller vil du vite meir om kva slags kompetanse og ferdigheiter som er viktige for å bidra til auka meistring og helsekompetanse? Sjekk ut dei nye digitale læringsressursane våre.

Som ein del av prosjektet Digital helsepedagogikk har Nasjonal kompetanseteneste for læring og meistring innan helse (NK LMH) utvikla tre digitale læringsressursar i form av animasjonsfilmar. Dei forklarer kort kva helsepedagogikk er og kvifor det er viktig, kva ein helsepedagog gjer og kva kunnskapar, ferdigheiter og eigenskapar forsking har vist at er viktig får å kunne bidra til auka meistring og helsekompetanse hjå menneske med langvarige helseutfordringar og deira pårørande.

– Me veit at det er behov for digitale verktøy og ressursar innan helsepedagogikk, seier prosjektleiar Anita Alvheim. Me har sjølv brukt filmane i vårt eige digitale kurs i helsepedagogikk og håper at dei kan vere til nytte for andre som driv med kompetanseheving innan helsepedagogikk.

Du finn animasjonsfilmane her:

Du må godta statistics cookies for å kunne se dette innholdet.

  • Publisert: 5. mai 2023.
  • Sist oppdatert: 11. mai 2023.