Publisert

Praksiseksempel: Fylkesdekkande hjarterehabilitering ved Nordfjord sjukehus

Hensikta med tilbodet er å lære kvar enkelt pasient å leve best mogeleg med sin hjartesjukdom, samt å få kunnskap og praktisk trening i livsstilsendringar som kan bidra til at ein unngår eller reduserer faren for nye hjartehendingar.

Hjarterehabilitering Nordfjord sjukehus
Hilde Manseth Bjørhovde, lærings- og meistringskoordinator ved Nordfjord sjukehus, Helse Førde HF, deler sine erfaringar med hjarterehabiliteringskurs. Her er ho treningsrommet der dei testar pasientane før og etter kurset.

Lærings- og meistringstilbod – kort og godt

Denne artikkelen er det første eksempelet på ein type praksiseksempel på mestring.no som vi kallar lærings- og meistringstilbod – kort og godt.

Her har Hilde Manseth Bjørhovde, lærings- og meistringskoordinator ved Nordfjord sjukehus, Helse Førde HF, fylt ut skjema på mestring.no for å dele erfaringar med andre i lærings- og meistringsfeltet.

Vil du dele dine erfaringar?

Gå til artikkelen vår Vil du bidra med praksiseksempel og sjå kva som skal til for at du kan dele dine erfaringar gjennom mestring.no. Du kan velje om du vil bidra med lærings- og meistringstilbod – kort og godt ved å fylle ut skjemaet på sida, eller artikkel.

Eksempel på tilbakemeldingar frå tidlegare kursdeltakarar:

«Særdeles godt og kjekt opplegg»

«Hjarter i lyst og nød var veldig bra. Bra med info om hjartemedisin. Veldig bra infodelen om å leve med hjartesjukdom.»

Kven er tilbodet for?

Pasientar med hjartesjukdom som enten har gjennomgått hjarteinfarkt, vore blokka/stenta (PCI), tatt ACB-operasjon (bypass) eller har andre sjukdomar knytt til hjartet.

Kan pårørande delta på heile eller delar av tilbodet?

Pårørande blir anbefalt å delta på teoridagane av kurset.

Kvar blir tilbodet halde?

Teorisamlingane blir halde på Nordfjord sjukehus, og treningane kan ein ha ved sitt næraste sjukehus enten i Lærdal, i Førde eller på Nordfjordeid.

Kven er tilbodet i regi av?

Kurset blir gjennomført av Helse Førde HF, Nordfjord sjukehus, medisinsk poliklinikk i samarbeid med lærings- og meistringskoordinator.

Planlegging

Kva er hensikta med tilbodet?

Hensikta med tilbodet er å lære kvar enkelt pasient å leve best mogeleg med sin hjartesjukdom, samt å få kunnskap og praktisk trening i livsstilsendringar som kan bidra til at ein unngår eller reduserer faren for nye hjartehendingar.

Kven har samarbeidd om å utvikle tilbodet?

Nordfjord sjukehus, som er pilotprosjekt i framtidas lokalsjukehus, har gjennom fagleg samarbeid mellom kardiologar (hjartespesialistar), fysioterapeutar, sjukepleiarar, kliniske ernæringsfysiologar, lege i praksiskonsulentordninga (PKO) og brukarrepresentant, utvikla tilbodet som starta opp i oktober 2013.

Kven planlegg tilbodet?

Lærings- og meistringskoordinator, som òg er sjukepleiar ved hjarterehabiliteringa, har ansvar for den daglege drifta og organiseringa når det gjeld planlegging av innkallingar, testar og kurs. Sjukepleiar, fysioterapeut og hjartespesialist (kardiolog) vurderer inntak og tildelingar av plass.

Korleis får det med brukarrepresentantar?

I starten hadde vi med ein pasient frå Førde som brukarrepresentant, men etter å ha gjennomført kurset nokre gongar, har no ein tidlegare deltakar sagt seg villig til å stille opp som brukarrepresentant.

Korleis rekrutterer de deltakarar til kurset?

Deltakarar blir rekruttert via spesialisthelsetenesta, fastlegar og frå sjukehus som behandlar den som har hjartesjukdom (for eksempel Haukeland universitetssjukehus og Feiringklinikken).

Kan du anslå kor mange timer fagpersonar og brukarrepresentantar brukar på å planlegge tilbodet?

Det blir mykje planlegging for lærings- og meistringskoordinator for å få det til å flyte greitt. Fysioterapeutane har treningar ca. 3 timar i veka med ei samla gruppe pasientar. I og med at dei er få på kvart kurs, blir det mykje individuell rettleiing på kvar trening. Brukarrepresentant er inne ca. ein halv time til sjølve brukarinnlegget. Til kvar pasient går det ca. 2 timar til test før og etter kurs, der både lege og sjukepleiar deltek. Sjølve kursdagane utgjer 4 dagar for kvar av kurshaldarane. Det går altså med mykje tid til planlegging og gjennomføring og alt som skal dokumenterast i journal.

Gjennomføring

Kven gjennomfører tilbodet?

Hjarterrehabiliteringa blir gjennomført av brukarrepresentant, kardiolog, fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog og sjukepleiar.

Kor mange deltakarar har de?

6–8 deltakarar per kurs der kvar pasient kan ha med seg ein pårørande.

Kor ofte er det samlingar?

Hjarterehabiliteringa varer i 8 veker med samlingar 2 dagar i veka. 2 av kursvekene er ved Nordfjord sjukehus, dei andre vekene trenar pasientane 2 dagar i veka ved sjukehuset i Lærdal, ved sentralsjukehuset i Førde eller på Nordfjordeid.

Kor mange samlingar er det?

8 veker og 2 samlingar = 16 samlingar der 4 er teoridagar der trening inngår og 12 er reine treningsdagar

Kor lenge varer samlingane?

Kursdagane startar kl. 09.30 og er ferdig kl. 15.00. Treningsdagane varer i 1,5 time kvar gong.

Innhald: Kva er tema for kvar av samlingane?

Tema det blir undervist i:

  • Sjukdomslære
  • Medikament
  • Risikofaktorar
  • Kosthald
  • Psykiske reaksjonar
  • Å leve med hjartesjukdom
  • Seksualitet
  • Trening
  • Førstehjelp

Innhald: Kva innlegg held fagpersonar og brukarrepresentantar?

All undervisning blir gjort av fagpersonar, men brukarrepresentant har eit innlegg første kursdag.

Evaluering

Korleis evaluerer de tilbodet?

Pasientar og pårørande får utdelt evalueringsskjema første kursdag slik at dei kan notere på evalueringsskjemaet for kvart tema. Vi har felles gjennomgang etter kurs med fagpersonar og brukarrepresentant.

Kontaktinformasjon: hilde.manseth.bjorhovde[at]helse-forde.no

Skrive av Hilde Manseth Bjørhovde, lærings- og meistringskoordinator, Nordfjord sjukehus, Helse Førde HF

 

  • Publisert: 4. april 2014.
  • Sist oppdatert: 2. juli 2020.