Publisert

Saman om betre helse

Helse Fonna, sammen om bedre helse. Illustrasjonsfoto: colourbox.

Kommunane må ta ei meir aktiv rolle når det gjeld å få kunnskap om verknaden av tiltak i til dømes samhandlingsreforma. Kva krav stiller det til kompetanse i kommunane? Det var tema for ein konferanse i Haugesund nyleg.

FOUSAM

Helse Fonna, sammen om bedre helse. Illustrasjonsfoto: colourbox.

Forskings- og utviklingseining for samhandling (FOUSAM) er ei felles forskings- og utviklingseining mellom Helse Fonna HF, Høgskolen Stord/Haugesund og 18 kommunar i Helse Fonna-regionen.
Les meir på fousam.no

Les også om FOUSAM i praksiseksempelet Samhandling om læring og meistring i Helse Fonna-regionen, skrive av konsulent samhandling i Helse Fonna HF og FOUSAM-medarbeidar, Sølvi Heimestøl. Ho er også nettverkskoordinator for læring og meistring i Helse Vest og sit i NK LMH sitt kommunikasjonsnettverk.

Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) deltok på FOUSAM sin forskings-, utviklings- og innovasjonskonferanse 2014 «Saman om betre helse», torsdag 13. november på Høgskolen Stord/Haugesund.

Viktige diskusjonar om kompetanse

Skal forsking i kommunane kome sektoren og dei som brukar dei kommunale helse- og omsorgstenestene, meir til nytte, bør kommunane ta ei meir aktiv rolle.

Kommunane er nå lovpålagde å legge til rette for og medverke til forsking.

På konferansen drøfta ein spørsmål som:

  • Kva slags kompetanse-, kunnskaps- og forskingsbehov har kommunane?
  • Korleis kan kommunar, helseføretak og universitets- og høgskulesektoren arbeide saman for å løyse kommunale kunnskaps- og kompetanseutfordringar?
  • Kva skal til å for å drive forsking i kommunane?
NK LMH på FOUSAM-konferanse
Seniorforskarane Kari H Eika (til venstre) og André Vågan (begge NK LMH) saman med Marianne Hauge Wennersberg (leiar FOUSAM) på FOUSAMs konferanse «Saman om betre helse», 13. november 2014. Foto: Sølvi Heimestøl, FOUSAM.

Det blei peika på at mange politiske reformer blir vedtekne utan god dokumentasjon å vurdere tiltak ut frå. Til dømes veit vi lite om verknader av viktige tiltak i samhandlingsreforma. Her trengst forsking. Samhandlingsreforma inneber også at det er høgare krav til kompetanse i kommunane, også når det gjeld forsking.

Også lærings- og meistringstilbod presentert

På konferansen blei det presentert ei rekke døme på samarbeidsprosjekt mellom kommunar i regionen, Helse Fonna HF og høgskulen, mellom anna fleire lærings- og meistringstilbod (i foredrag og som poster). Brukarmedverknad i forsking var også eit tema.

Skrive av Kari H Eika og André Vågan, seniorforskarar ved NK LMH

  • Foredraga frå konferansen låg på fousam.no i eitt døgn etter konferansen. FOUSAM arbeider med å få tillatelse frå alle foredragshaldarane til å kunne legge foredraga på nett permanent. Då vil vi lenke til foredraga frå denne saka igjen.
  • Publisert: 18. november 2014.
  • Sist oppdatert: 25. november 2014.