Publisert

Praksiseksempel: Samhandling om læring og meistring i Helse Fonna-regionen

Tydelege samarbeidsavtalar og faglege nettverk mellom kommunar og helseføretak står sentralt i samarbeidet om lærings- og meistringstilbod i Helse Fonna-regionen. Det same gjer forskings- og utviklingssamarbeid med Høgskolen Stord/Haugesund (HSH).

Av Sølvi Heimestøl

Lærings- og meistringstenester og samhandlingsreforma

Helseføretaka har hatt opplæring av pasient og pårørande som ei av sine fire hovudoppgåver sidan 2000 (Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. (spesialisthelsetjenesteloven), LOV-1999-07-02-61 ). Lærings- og meistringssentra sin arbeidsmetode med systematisk involvering av brukarar i utforming, gjennomføring og evaluering av tenestetilbod, har vore viktig for å oppfylle denne plikta.

I 2009 kom stortingsmeldinga om samhandlingsreforma der målet er å førebyggje meir, behandle tidlegare og samhandle betre. Pasientar og brukarar skal få tidleg og god hjelp når dei treng det, nærast mogleg der dei bur. Dei skal få rett behandling til rett tid på rett stad, gjennom eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod for helse- og omsorg. I samband med innføring av samhandlingsreforma vart kommunar og helseføretak pålagt å inngå forpliktande samarbeidsavtalar, gjeldande frå 2012 (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven), LOV-2011-06-24-30 § 6-2 ). Her kjem det tydeleg fram at læring og meistring er eitt av områda der kommunar og helseføretak skal komme fram til ei god oppgåve- og ansvarsfordeling.

Tenesteavtale 2 omhandlar ansvars- og oppgåvefordeling rundt pasientar som har behov for koordinerte tenester, dette gjeld blant anna samarbeid om lærings- og meistringstilbod.

I samband med innføring av samhandlingsreforma, er det utvikla nye strukturar og mønster for samarbeid om lærings- og meistringstilbod i Helse Fonna-området.

Krav til fagleg nettverk

I Helse Fonna HF er det, i tråd med tenesteavtale 2 (sjå tekstboks), oppretta eit fagleg nettverk mellom kommunar og føretak som omhandlar læring og meistring. Faglege nettverk i samhandlingsfeltet vert oppnemnt av, og får mandat frå, samhandlingsutvalet som har i oppgåve å utforme, forhandle fram og følgje opp samarbeidsavtalane (sjå tekstboks).

I mandatet er det krav til mål for nettverket, arbeidsområde og deltakarsamansetning som skal sikre deltaking frå alle partar. Alle nettverk skal ha leiar og nestleiar. Det vert kravd årleg handlingsplan som skal godkjennast og årleg rapportering.

Nettverket for læring og meistring består av ein kontaktperson frå kvar kommune, representantar frå lærings- og meistringssenteret og brukarrepresentantar oppnemnt av brukarutvalet i Helse Fonna HF. Oppnemning av kontaktperson i kvar kommune er ei direkte forplikting i tenesteavtale 2, her er også funksjonane til medlemmane konkret beskrive. Ei slik organisering gjev oversikt på feltet og moglegheit for samordna utvikling.

Tre delnettverk i ulike geografiske områder

Helse Fonna-området www.helse-fonna.no har cirka 170 500 innbyggjarar fordelt på 19 kommunar og med til dels lang reiseveg. Nettverket for læring og meistring er difor organisert som tre delnettverk med leiar og nestleiar i kvart område; Hardanger, Sunnhordaland og Haugalandet. Lærings- og meistringstilbod som ein del av pasientforløpa og like tilbod for alle innbyggjarane, er mål for arbeidet.

Dei tre nettverka har samlingar kvar for seg der dei legg lokalt tilpassa planar. I tillegg har dei to fellessamlingar i året, der nettverket ser heile Helse Fonna-området under eitt og slik kan utforme ein felles handlingsplan og levere felles årsrapport. Leiar og nestleiar i nettverka dannar eit arbeidsutval som møtes jamleg i elektroniske møter.

Mange kommunar er for små til å ha eigne diagnoseretta lærings- og meistringstilbod, og nettverka er ein arena for å utvikle samarbeid om tilbod og gje oversikt over feltet. I handlingsplanen for 2014 er lærings- og meistringstilbod som del av pasientforløpa for personar som har hjartesjukdom, diabetes og demens, satsingsområde. I tillegg vert det arbeidd med felles evaluering av lærings- og meistringstilboda i regionen.

Korleis kom vi dit?

Samhandlingsutvalet

Samhandlingsutvalet er regionen sitt samarbeidsorgan og har som nemnt som oppgåve å utforme, forhandle fram og følgje opp samarbeidsavtalane.

Utvalet er partsamansett med lik representasjon frå kommunar og føretak og med representantar frå brukarutvalet i Helse Fonna og Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Les meir

I tenesteavtale 2 mellom Helse Fonna HF og kommunane (sjå tekstboks), står følgjande som innleiing til delen som omhandlar læring og meistring: «Avtalen har som formål å avklare helseføretaket og kommunen sitt ansvar for lærings- og meistringstilbod for å bidra til å førebyggje og meistre sjukdom.»

I samband med utforming av avtalen sette samhandlingsutvalet (sjå tekstboks) ned ei tverrfagleg arbeidsgruppe med brukarrepresentasjon, på tvers av kommune og føretak. Målet for arbeidet var å sikre lærings- og meistringstilbod som ein del av pasientforløpa og like tilbod for alle innbyggjarane i Helse Fonna-regionen.

Mandatet til gruppa var å lage utkast til ein avtale på lærings- og meistringsområdet som var praksisnær og konkret, bygd på føringane i samhandlingsreforma.

Samhandlingsutvalet gav si tilslutning til hovudpunkta i forslaget frå arbeidsgruppa. Dette innebar semje om å byggje vidare på erfaringar frå godt samarbeid og allereie etablerte felles lærings- og meistringstilbod mellom helseføretak og kommune.

Avtalen byggjer på ei erkjenning av at overføring og utvikling av lærings- og meistringstilbod må skje gradvis om dei skal ha god kvalitet. God struktur, forpliktande og målretta arbeid over tid må til for å få til god ansvarsfordeling mellom føretaket og dei 19 kommunane i Helse Fonna-området. Eit slikt formulert samarbeid er skissert i avtalen og fordeling av ansvar kjem klart fram, både felles ansvar, føretaket sitt ansvar og kommunane sitt ansvar.

Samarbeid om forsking og utvikling

I Helse Fonna-området er Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) ein del av samarbeidet mellom føretak og kommunar. HSH forpliktar seg saman med partane til å ha ei felles eining for forsking og utvikling i samhandlingsfeltet (FOUSAM). Eininga vert finansiert ved at partane bidrar likt med fagressursar eller økonomiske midlar.

Et nav i utviklinga av tenester og tilbod

Forsking og utviklingseininga for samhandling, FOUSAM, vart til i samhandlingsprosjektet Helsetorgmodellen (2010–2013) . Ein oppdaga at eininga var sjølve navet i hjulet som samla ulike delprosjekt.

Eininga gjekk over i drift frå 2014 og har som oppgåve å gje prosjektstøtte, ha ansvar for faglege nettverk, ivareta sekretariat for samhandlingsutvalet, ansvar for felles nettside, arrangere kurs og konferansar, utvikle kompetansehevingstiltak og ivareta brukarmedverknad.

Helse Fonna vurderte samarbeid med kommunane om lærings- og meistringstilbod så sentralt, at lærings- og meistringssenteret vart organisert inn i FOUSAM-eininga. Dette gjev eit tett samarbeid om utvikling av struktur, tenestetilbod, lærings- og meistringsnettverk, kompetansehevingstiltak (som helsepedagogikk), prosjekt, konferansar og oppfølging av brukarrepresentantar.

Brukarmedverknad sentralt tema for samarbeid

Lærings- og meistringssenteret sin arbeidsmåte, der brukarkompetanse og fagkompetanse er sidestilt, har vore nyttig i utvikling av ny struktur for samhandling i Helse Fonna. Brukarrepresentantar deltek i faglege nettverk og i sjølve utviklinga av lærings- og meistringstilbod saman med kommunane og helseføretaket.

Brukarrepresentantane har lang erfaring frå lærings- og meistringsfeltet og er tydelege på kor viktig reell brukarmedverknad er for at nye tilbod skal bli gode. Ei av oppgåvene til FOUSAM er å lage retningsliner og system for oppfølging av brukarmedverknad. I oppbygginga av lærings- og meistringstilbod i kommunane og i utvikling av nye tilbod, er det stor etterspurnad etter nye brukarrepresentantar i tillegg til system for oppfølging.

Forankring i tenesteavtalar og leiing er ein føresetnad for vidareføring

Me er no inne i tredje året etter at avtalane vart vedteke, og me ser at samhandlinga set krav til alle involverte. Arbeid innan lærings- og meistringsfeltet har tradisjon for å bli bore fram av eldsjeler og entusiastar, både brukarrepresentantar og fagpersonar. Erfaringane så langt har synt at å forankre samarbeidet i tenesteavtalar og i leiinga hos partane, er ein føresetnad for vidareutvikling på området. Likevel trengs det framleis entusiastiske «lærings- og meistringsfolk» som kjenner historia og arbeidsmåten, for å kunne utvikle feltet til beste for brukarane.

Lenker

Sølvi Heimestøl, solvi.heimstol[at]helse-fonna.no (byt ut [at] med @ for å sende e-post)
konsulent samhandling i Helse Fonna HF og FOUSAM-medarbeidar

Praksiseksempel om organisering og samhandling

Denne artikkelen er ein type praksiseksempel på mestring.no som har sitt utspring i arbeidsgruppa for Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) si kommunesatsing. Arbeidsgruppa arbeider fram praksiseksempel som viser organisering og samhandling i lærings- og meistringsfeltet.

Sjå andre praksiseksempel på mestring.no.

Vil du dele dine erfaringar?

Gå til artikkelen vår Vil du bidra med praksiseksempel? og sjå kva som skal til for at du kan dele dine erfaringar gjennom mestring.no.

 

  • Publisert: 20. juni 2014.
  • Sist oppdatert: 5. juli 2023.