Mangelen på gode data om lærings- og mestringstenesta er til hinder for å synleggjera tenesta og den meirverdien som blir skapt. Førre veke vart arbeidet med å legge til rette for betre dokumentasjon av tenesta sparka i gang for alvor.
Dette var fyrste gong heile arbeidsgruppa var samla, der både Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) er representert.
”Vi er svært glade for god deltaking frå brukarorganisasjonane. Sidan prosjektet omhandlar grunnleggande systemspørsmål for heile lærings- og mestringstenesta, er det viktig at perspektiva til alle brukargrupper blir ivaretatt. Brukarorganisasjonane er også viktige medspelarar i dialogen med helseføretak og sentrale helsestyresmakter,” seier prosjektleiar Kari H. Eika.
Prosjektgruppa
Pia Bråss, fagsjef for Foreningen for hjertesyke barn og representant for Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
Toril Heggen Munk, sentralstyremedlem i Norges Handikapforbund og representant for Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
Maria Ljungløf, Helse Førde HF
Mirjam Smedsrød, Regional kompetansetjeneste for pasient- og pårørendeopplæring, Helse Sør-Øst RHF
Anne Hellum, Stab samhandling og internasjonalt samarbeid, Oslo universitetssykehus HF (OUS)
Tora-Lovise Kvande, Universitetssykehuset Nord-Norge HF (UNN)
Tove Lill Falstad, Helgelandssykehuset HF
Toril Kvisvik, Helse Møre og Romsdal HF
Bente Berg, NK LMH
Kari H Eika, prosjektleiar, NK LMH
Kartlegging av dagens registreringspraksis
Det fyrste gruppa har gått i gang med er å kartlegge registreringspraksis i dag, og på møtet førre veke blei det lagt ein plan for korleis ein skal gjennomføre kartlegginga. Kva blir registrert om lærings- og mestringstenesta i pasientadministrative system? Er det avvik mellom registrert og faktisk aktivitet? For å svare på dette skal ein for utvalde einingar innhente tal frå pasientadministrative system og samanstille desse med innhenta tal for faktisk aktivitet i dei same einingane.
Mykje av arbeidet kjem til å bli gjort i haust fram mot jul. Kartlegginga vil hjelpe oss til å peike på årsakar til mangelfull dokumentasjon. Truleg vil det vera utfordringar på fleire nivå. Eit viktig arbeid vidare for prosjektet vil derfor vera å bidra inn i ein dialog med regionale helseføretak og med sentral helseforvalting om korleis organisering, utforming av dokumentasjonssystem og kodeverk kan understøtte fagleg gode og godt dokumenterte lærings- og mestringstenester.
Siktemål
Prosjektet har tatt initiativ til og koordinerer eit landsdekkande samarbeid i lærings- og mestringstenesta med siktemål å bidra til ein god og einskapleg registreringspraksis. Registerdata om tenesta skal vera lett å ta i bruk og bli etterspurt til fagutvikling, forsking, som styringsinformasjon i helseføretak og helseforvalting og i offentleg debatt om prioritering og utforming av tenestene. Prosjektet skal styrke dialogen og samarbeidet på tvers av helseføretaka om dokumentasjonssystem og økonomisk-administrative styringsverkemiddel som legger til rette for gode lærings- og mestringstenester.