Publisert

Behov for betre rammeverk og tydlegare krav til dokumentasjon

Ulik registreringspraksis og system som ikkje er tilrettelagt for å registrere deltaking frå pårørande, er nokre av funna i NK LMH si rapport om dokumentasjon av gruppebaserte lærings- og mestringstilbod i sjukehusa.

dokumentasjonVåren 2015 tok Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innan helse (NK LMH) initiativ til eit prosjekt for å kartlegge korleis lærings- og mestringssentera ved helseføretaka registrerer deltaking ved gruppebaserte lærings- og mestringstilbod i dei pasientadministrative systema (PAS) ved sjukehusa. Kartlegginga er ein del av NK LMHs arbeid med nasjonale oversikter over tenester og aktivitetar.

Utgangspunktet for prosjektet var at lærings- og mestringssentera ved fleire helseføretak gav uttrykk for at det var vanskeleg å hente ut data om lærings- og mestringstilboda frå PAS. Dermed mangla ein oversikt over aktivitet. NK LMH ville også undersøke kvaliteten på registreringane i sjukehusa og om det var mogeleg å bruke Norsk Pasientregister (NPR) for å hente ut informasjon om tenestene. Dokumentasjon er viktig for styringsformål, både for sentral helseforvalting og for sjukehusa, mellom anna for å vurdere om tenesta er dimensjonert i samsvar med behova.

Ikkje tilstrekkeleg kvalitet

Kartlegginga tyder på at kvaliteten på statistikken frå NPR som gjeld lærings- og mestringstilbod ikkje er tilstrekkeleg. Data frå dei pasientadministrative systema ved helseføretaka viser at det er ulik registreringspraksis mellom sjukehusa og også mellom dei einskilde avdelingane innan same sjukehus. Dette gjeld feilregistreringar og ulike tolkingar av både prosedyrekodar og refusjonskoden A0099. Det er også deltaking på lærings- og mestringstilbod som i dagens kodeverk ikkje lar seg registrere.

Samarbeid, nasjonale ressursar og vidareutvikling

Rapporten peikar på nokre forbetringar og moglege tiltak. For det første må tilsette som er ansvarlege for koding av lærings- og mestringstilbod i sjukehusa forstå og bruke kodane på same måte. Etablering av fagnettverk i kvar region, samt ein nasjonal nettressurs med informasjon om kodeverka og korleis ein praktisk skal gå fram ved registrering, er blant dei føreslåtte tiltaka. Der det synest rom for ulike tolkingar av kodeverket, må ein be sentrale styresmakter avklare kva som er ei riktig tolking.

Ei meir grunnleggande utfordring gjeld dokumentasjon av lærings- og mestringstilbod til pårørande. Ein må vidareutvikle dokumentasjonssystema om ein skal registrere deltaking frå pårørande på ein fullgod måte, slik at ein veit kven som har delteke og dermed også kor mange som har fått tilbod. Dei pasientadministrative systema i sjukehusa er, som namnet seier, retta mot å dokumentere diagnose, behandling og opplæring knytt til pasienten. Det er i dag ingen måte å registrere pårørande på sjølvstendig grunnlag.

Arbeidet med å sikre tilstrekkeleg dokumentasjon av lærings- og mestringstenesta vil krevja godt samarbeid mellom sentral helseforvaltning, leiinga ved sjukehusa og lærings- og mestringsverksemda.

Last ned og les heile rapporten her.

Les meir:

Skrive av: Kari Eika og Cecilia Sønstebø

  • Publisert: 2. desember 2016.
  • Sist oppdatert: 2. desember 2016.