Publisert

Bli med på skrivekurs hausten 2013

Person som skriver.

Person som skriver.

Likar du å skrive? Har du noko du vil formidle, og ønskjer å lære meir om korleis du kan nå fram til dei som les? No kan du som har utvikla lærings- og meistringstilbod i kommune- eller spesialisthelseteneste vere med på kurs i skriveteknikk og praksisformidling.

Tekstane frå skrivekurset blir publiserte på nett slik at andre får glede av den kunnskapen du har opparbeidd deg på lærings- og meistringsfeltet.

Kurset er eit samarbeid mellom Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) og Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA).

Gode erfaringar

Dette seier tidlegare kursdeltakar Åse Strokkenes til napha.no:

 

– Eg fekk ein følelse av at vi høgna nivået, og kom oss vidare i skriveprosessen. Vi lærte teknikkar for å halde oss til tema. Det er så himla mykje vi har registrert og tenkt i løpet av året som er gått. No får vi tankane ned på papiret.

 

NAPHA har dei siste par åra halde denne typen kurs for personar som arbeider med psykisk helsearbeid i kommunen. Desse kursa har ifølgje NAPHA vore svært populære.

– Evalueringane av kursa er gode. Fagfolk møtast til spennande refleksjonar om språk, fag og formidling, fortel Gaute Strand, tidlegare prosjektleiar for kursa.

– Kursa har resultert i mange interessante tekstar. Tanken er at kunnskap om gode løysingar i ein kommune skal kome til nytte i ein annan, seier Arve Almvik, fagredaktør for kunnskapsbasen psykiskhelsearbeid.no.

Første gong for læring og meistring

Det er første gongen kurset blir halde spesielt for dei som arbeider med lærings- og meistringstilbod.

– No som mange kommunar er i gang med å etablere nye lærings- og meistringstilbod, trur vi det er viktig å vise fram kva andre har gjort, derfor er vi svært glade for dette samarbeidet med NAPHA, seier Siw Bratli, konstituert leiar ved NK LMH.

Kursinformasjon

På kurset lærer du å skrive ein kort artikkel eller kronikk med eksempel frå praksis. Kurset består av to samlingar der den første er på to dagar og den andre på ein dag. Mellom samlingane leverer du inn teksten din og får tilbakemelding frå kursleiarane. Når den siste samlinga er ferdig, er tekstane klare til publisering.

Tema på kurset:

  • Inspirasjon til å skrive
  • Finne fokus
  • Oppbygging og struktur
  • Godt språk
  • Rettleiing i skriveprosessen
  • Publisering på psykiskhelsearbeid.no og mestring.no

Viktige datoar:

  • Første samling: 17.–18. september
  • Andre samling: 29. oktober
  • Frist for innlevering av tekstar etter første samling: 7. oktober
  • Frist for tilbakemelding frå NAPHA/NK LMH: 16. oktober
  • Frist for innlevering av tekstar før andre samling: 23. oktober

Stad: Trondheim

Pris: Inga deltakaravgift. NK LMH dekkjer reise og losji medan NAPHA stiller med kursleiarar, kurslokale, kursmateriell, lunsj alle kursdagane og middag på dag 1 første samling.

Talet på deltakarar: 10

Kven kan søkje?: Tilsette som har utvikla lærings- og meistringstilbod innan feltet psykisk helse- og rusarbeid, i spesialist- eller kommunehelseteneste og gjerne i et samarbeid mellom desse.

De som søkjer må sende inn eit kort samandrag på ca. 1000 teikn der de fortel kva lærings- og meistringstilbod de ønskjer å skrive om. Fortel kven som er målgruppa for tilbodet.

Søknadsfrist: 24. mai. Gå til søknadsskjema.

Svar på søknad: 5. juni

Kurslærarar NAPHA: Ragnhild Krogvig Karlsen, kommunikasjonsrådgivar og Kjetil Orrem, fagleg rådgivar
Kursrettleiarar NK LMH: Norunn K. Torheim, kommunikasjonsrådgivar og ein fagleg rådgivar

Deltakar på på skrivekurs hos NAPHA. Foto: NAPHA.
Tidlegare deltakarar på NAPHA sitt skrivekurs. Foto: NAPHA.

Tekstane frå kurset skal publiserast på sidene for gode eksempel på NK LMH si nettside mestring.no og i kunnskapsbasen psykiskhelsearbeid.no.

Sjå òg:

Kontaktpersonar

Kontaktperson NK LMH: Siw Bratli, mobil: 450 55 357
Kontaktperson NAPHA: Kjetil Orrem

 

Skrive av Norunn K. Torheim, NK LMH og Ragnhild Krogvig Karlsen, NAPHA

 

  • Publisert: 25. april 2013.
  • Sist oppdatert: 17. februar 2017.