Publisert

Praksiseksempel: Livet med LAR – kurs for LAR-pasientar

Sjåfør. Foto: colourbox.com

Kurset for pasientar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR) har blitt utvikla i samarbeid mellom pasientar, ruskonsulentar frå kommunar og helseføretaket og koordinator frå lærings- og meistringssenteret i Helse Fonna HF. Når samarbeid og oppfølging frå fagsida er god, blir kursdeltakarane nøgde.

Skrive av  Kari Vik Stuhaug

Introduksjonskurs for LAR-pasientar

  • Går over 7 samlingar á to timar.
  • Inntil 12 deltakarar. Ein føresetnad at ruskonsulent frå kommunen følgjer sine pasientar.
  • Deltakarane skal ha vore i LAR (legemiddelassistert rehabilitering av personar som er avhengige av heroin eller andre opioid) minimum tre månader og ha god rusmeistring.
  • Variert undervisning frå fagfolk.
  • Samtale og erfaringsutveksling. Innlegg frå ein person med brukarerfaring ved ei av samlingane (erfaringsinnlegg).
  • Eit kurs kvart semester som flyttar mellom fire ulike geografiske område av Helse Fonna helseføretak.
  • Utvikla og arrangert i samarbeid mellom fagtenesta LAR Fonna og LMS (lærings- og meistringssenteret) i Helse Fonna HF og rustenester i dei fleste av dei 19 tilhøyrande kommunane.

– Det var så bra med den starten. Legen kom der med PowerPoint og snakka til oss som til kven som helst andre. Vi er ikkje akkurat vane med det, seier Svein Magne.

Saman om kursopplegget

Det er evalueringsmøte for LAR-kurset. Svein Magne Snyen er ein erfaren LAR-pasient som har vore med ved både å planlegge og gjennomføre kurset. I evalueringsmøtet er han saman med ruskonsulentar frå kommunen og helseføretaket og koordinatoren frå lærings- og meistringssenteret. Nettopp i samarbeid mellom desse partane har kurset blitt utvikla. Det er eit kurs som no er overført til tre andre geografiske område innan Helse Fonna HF.

Ønskte meir tid

Då det første kurset vart halde i 2009 var det sett av ein time kvar gong. Fagpersonane tenkte det var lenge nok å halde konsentrasjonen hjå deltakarane. Tilbakemeldingane frå deltakarane har vist at dei tvert om ønskjer ha meir tid til samtale og erfaringsutveksling. No er kvar kurssamling på to skuletimar med pause mellom.

Sosial læring

Deltakarane gir uttrykk for at dei opplever det som anerkjennande og verdsetjande at fagfolk presenterer førebudde faginnlegg om til dømes utgreiing og behandling av hepatitt C, som er ein vanleg sjukdom blant LAR-pasientar. Andre element som styrker respekt og sjølvrespekt, er arbeidet med gruppereglar i starten av kurset, utdeling av mappe med skriftleg materiell og kursbevis ved fullført kurs. Mange LAR-pasientar har mange og negative erfaringar i sosiale samanhengar, så rammene rundt dette kurset blir i seg sjølv ein viktig sosial læringsarena. Føremålet med kurset er elles å gi LAR-pasientane meir kunnskap og informasjon slik at dei betre kan gjere seg nytte av behandlinga dei får. Det er vesentleg at dei kan læra både av fagpersonane og andre deltakarar, både fagkunnskap, tips og gode erfaringar. Som del av rehabiliteringa er det viktig at tema femner vidt. Det som står på planen er forutan hepatitt C-medisinar og biverknader, meistring av angst og depresjon, samvær med barn, å arbeide for personlege mål (bruk av individuell plan – IP), fysisk aktivitet og kosthald, vegen vidare – meistringsstrategiar og kriseplan.

Samarbeid og vidareføring

Fagmiljøet si tru på at kurset er eit viktig og godt tilbod for LAR-pasientane er gull verd for å få dette til. Det skaper vilje til å setje av ressursar både hjå LAR-konsulentane i helseføretaket og i kommunane. Ved overføring til nye kommunar har dei konsulentane som har erfaring med kurset, vore med på møte med nye og delt av sine erfaringar. Her blir det etablert felles forståing for viktige premissar ved tiltaket, som til dømes at det kommunale rusteamet har ei sentral rolle med å rekruttere og følgje opp deltakarane undervegs i kurset. Så blir det etablert ny lokal arbeidsgruppe som får ansvar for å planlegge og gjennomføre sitt kurs. Det gir rom for lokale tilpassingar som kan handle om val av dag og tidspunkt som passar med medisinutdeling og bruk av lokale fagfolk frå det aktuelle området.

LMS-konsulentane

I ein slik ambulant arbeidsmodell er lærings- og meistringssenteret (LMS) si rolle sentral. Fagkonsulentane der kallar inn til nødvendige møte, skriv referat, lagar kursbrosjyre, evalueringsark og kursbevis med meir. I diskusjonar i planleggingsmøta kan LMS-konsulentane bringe inn sine erfaringar som kursarrangør, medan det er ruskonsulentane som har fagkunnskapen med omsyn til denne spesifikke målgruppa. Tema for samlingane blir avgjort i fellesskap, men bygger no på ein innarbeidd leist. Oppgåva med å finna passande føredragshaldarar blir fordelt på alle.

Støtte frå fagpersonar

Tilrettelegging og støtte som skal hjelpe den einskilde deltakar å fullføre kurset, må ta omsyn til kor han eller ho er i sin eigen prosess. For mange er det viktig å gå saman med andre frå rushelsestasjonen til kurslokalet, og erfaringa viser at deltakaren lett kan utebli, dersom ruskonsulenten ikkje følgjer opp. Med deltakarar spreidde over 19 kommunar vil alltid nokon ha lang reiseveg til ein av dei fire kursstadene. Då er det avgjerande at ruskonsulenten stiller som sjåfør og bringer deltakaren til og frå.

Ved desse grepa oppnår ein samtidig at fagpersonar og pasientar får del i den same informasjonen. Det styrkar høvet til å samtale vidare rundt viktige tema, og vise til felles forståing og kunnskap i møte med konkrete situasjonar rundt pasienten.

Fleire former for brukarmedverknad

LMS har eit likeverdig samarbeid mellom brukarar og fagfolk som sin arbeidsmodell, men mangel på lokale brukarforeiningar i LAR-feltet har gjort det vanskeleg å oppfylle dette ved både planlegging, gjennomføring og evaluering av kvart kurs. Då leitar vi etter andre måtar å gi brukarane høve til medverknad. Vi har gitt informasjon om brukarorganisasjonar på kursa, og invitert brukarrepresentant frå eit anna helseføretak. Ein kommune leita blant sine kontaktar og utfordra enkelte til å delta som brukarrepresentant. Slik kom Svein Magne inn, men han var ikkje då klar for å halde erfaringsinnlegg. Etter kvart har vi fått kontakt med ei lokal kvinne som er villig til å ha erfaringsinnlegg på fleire kursstader.

«Mind the gap»

Erfaringane så langt viser at entusiasmen er størst hjå dei som er initiativtakarar og har eit eigarforhold til tiltaket frå starten. Ved overføring til nye geografiske område, og når det blir bytte av personell, kan noko av denne entusiasmen gå tapt. Då står ein i fare for at viljen og ressursane som krevst frå fagfolka for å gjennomføre kursa, ikkje er tilstrekkelege. Det er i så fall pasientane som blir skadelidande. Det er difor avgjerande for å få eit varig og stabilt kurstilbod at det heile tida skjer god forankring og gjennomgang av premissar og suksessfaktorar når det kjem nytt personell inn. Når samarbeid og oppfølging frå fagsida er god, blir kursdeltakarane nøgde!

 

Kari Vik Stuhaug. Foto: NAPHA.
Artikkelforfattar Kari Vik Stuhaug er førstekonsulent ved lærings- og meistringssenteret/barn som pårørande, Helse Fonna HF. Svein Magne, som vi møter i teksten, har gitt henne lov til å bruke namnet hans.

Skrivekurs – NK LMH og NAPHA

– Denne teksten er et resultat av skrivekurs arrangert i samarbeid mellom Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) og Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) i 2013.
– Deltakerne på kurset formidler erfaring fra organisering av ulike lærings- og mestringstilbud innen feltet psykisk helse- og rusarbeid.
– I perioden november 2013–januar 2014 ble tekstene publisert på våre respektive nettsteder mestring.no og psykiskhelsearbeid.no

 

 

  • Publisert: 21. januar 2014.
  • Sist oppdatert: 24. mars 2020.