Publisert

Praksiseksempel: Samhandling om lærings- og meistringstilbod for personar som har kols

Kols. Illustrasjonsfoto: colourbox.com.

Lungerehabilitering som del av lærings- og meistringskurs for personar som har kronisk lungesjukdom, kan bidra til at dei meistrar kvardagen betre. Korleis kan denne store pasientgruppa ivaretakast i eit pasientforløp?

Skrive av Jorunn Sekse

Kols: kronisk obstruktiv lungesjukdom

Kols har i dei seinare år fått noko meir merksemd i den norske befolkninga. Truleg har mellom 250 000 og 300 000 personar i Noreg kols, men mindre enn halvparten veit at dei har sjukdomen. Det sjølv om mange udiagnostiserte har symptom, vanskar i kvardagen og redusert livskvalitet (Nasjonal faglig retningslinje og veileder for forebygging, diagnostisering og oppfølging av personer med kols (2012)).

Kols er ein kronisk lungesjukdom som ein ikkje kan bli frisk av, men ein kan gjere livsstilendringar som gjer at ein kan leve betre med sjukdomen. Røykslutt og fysisk trening er dei viktigaste komponentane i lungerehabilitering.

Les meir om kols på helsenorge.no.

Lungerehabiliteringskurs ved lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Fonna HF

  • Gruppetilbod med 10 samlingar à 5 timar. Det går 2 dagar i veka over 5 veker. Det er fysisk trening ved kvar samling.
  • Fysioterapeut har seks minutts gangtest før og etter kurset.
  • Sjukepleiar har samtale med kursdeltakar i forkant og tar spirometri og EKG som vert vurdert av lege. Bruk av eigenbehandlingsplan er ein del av kursopplegget.
  • Kvar samling har innlegg frå fagperson eller brukarrepresentant frå Landsforeninga for hjerte- og lungesjuke (LHL) og tid til erfaringsutveksling.
  • Brukarrepresentanten er med på planlegging, gjennomføring og evaluering i tråd med arbeidsmåten for lærings- og meistringstilbod.
  • Standardiserte evalueringsskjema frå LMS vert nytta ved evaluering.
  • Pårørande har tilbod om å vere med på delar av kurset.
  • Tema: Å leve med kols, fysisk aktivitet, avspenning, medisinar og inhalasjonar, angst, samliv, energiøkonomisering, hjelpemiddel, røykslutt, psykososial aktivisering, erfaringsutveksling, evaluering av rehabiliteringsresultat.
  • Faggrupper representert: Lege, fysioterapeut, ergoterapeut, farmasøyt, sjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar og erfaren brukar
  • Hovudmåla er å auka mestring, redusere symptom, betre livskvalitet og auke fysisk og emosjonell deltaking i daglege aktivitetar (GOLD 2011 ).

Spesialisthelsetenesta og kommunar kan samarbeide om å vidareføre kurstilbodet frå spesialisthelsetenesta til kommunen, der oppfølginga bør aukast og styrkast.

Treng psykososial støtte

Kols er ein somatisk sjukdom, men å få ein kronisk sjukdom grip inn i korleis ein har det både mentalt og fysisk. Ein kolspasient slit ofte med ulike utfordringar som for eksempel angst. Ei grunnleggande forståing av årsak til sjukdom og korleis forverring kan førebyggast, dannar grunnlag for motivasjon for endring av åtferd. Psykososial støtte inneber hjelp til meistring av fysisk funksjonstap og psykiske symptom. Ei slik støtte kan fører til betre livskvalitet (Nasjonal faglig retningslinje og veileder for forebygging, diagnostisering og oppfølging av personer med kols (2012)).

Mange kolspasientar som røyker klandrar seg sjølv for at dei er blitt sjuke, sidan røyking er ei av hovudårsakene til kols. «Å redusere denne selvklandringen er en viktig del av bevisstgjøringsprosessen» (Askheim, 2003).

Enkle tips

Meininga med psykososial støtte er å vere hjelpar til at pasienten aksepterer eigen sjukdom og oppnår betre meistringsevne, samt å oppmuntra og trena pasienten til å tenke positivt. Eit eksempel kan vere å planlegge ein positiv aktivitet kvar dag eller kvar veka. Enkle tips om kvilestillingar og pusteøvingar gjer at ein kan roa ned ein situasjon som elles kunne ført til lettare angst for å ikkje få nok luft.

Kva seier retningslinja?

Nasjonal faglig retningslinje og veileder for forebygging, diagnostisering og oppfølging av personer med kols (2012) seier ein kan etablera eit tilbod i regi av spesialisthelsetenesta i samarbeid med kommunehelsetenesta og at kompetanse kan overførast mellom helsearbeidarar på dei to nivåa. Tilbodet bør bestå av eit oppstartskurs som utgjer eit rehabiliteringsprogram med vidare tilbod om trening i grupper. Det kan omfatte alt frå lærings- og meistringstilbod til ulike treningsopplegg ved frisklivssentralar og liknande, i kombinasjon med god oppfølging frå fastlegen.

Kva seier forskinga?

Evidensbaserte studiar viser at lungerehabilitering reduserer tung pust, betrar anstrengingskapasiteten, aukar livskvaliteten og reduserer bruk av helsetenester (Hjalmarsen, 2012). Forsking innan feltet vektlegg fysisk aktivitet. Sidan kols er ein kronisk sjukdom som forverrar seg over år, er det viktig at denne pasientgruppa har tilbod om kurs som inkluderer trening, og vidare tilbod om trening i grupper.

Deltakarar på vårt lærings- og meistringskurs, har gitt tilbakemelding på at dei klarer å vere meir aktive etter kurset. Det å lære at ein kan ta medisin før aktivitet, ta korte pausar undervegs og bruke pusteteknikkar for å ta seg igjen, evaluerer dei som veldig nyttig.

Nytta for deltakarane

Kursdeltakarane ved vårt og andre lærings- og meistringssenter (LMS) som har same gruppetilbod, gir gode evalueringar etter kurset. Nokre fastlegar har òg gitt tilbakemelding på at pasientar som har vore på lungerehabiliteringskurs, har fått meir kunnskap og innsikt i korleis dei kan ta ansvar for eigen oppfylging. Ta for eksempel undervisning i bruk av inhalasjonsmedisinar og angstmeistring. Dette er praktisk retta og dermed noko dei kan nytte i kvardagen.

Kursdeltakarane er særs nøgde med brukarinnlegg der ein tidlegare kursdeltakar fortel om sin situasjon og bruk av ulike meistringsstrategiar. Å vere saman i ei gruppe med andre som er i liknande situasjon, er òg lærerikt. Erfaringsutvekslinga som skjer der er noko me som helsepersonell er på sida av. Men samtidig er det ein fordel at kursleiar er til stades så deltakarane kan stille spørsmål og avklara ulike problemstillingar.

Utsegn frå tidlegare kursdeltakarar:

  • «Fornøgd med kurset. Trudde eigentleg ikkje eg hadde behov for kolskurs, men det var veldig bra. Det gir ei kjensle av at ein ikkje er åleine om sjukdomen og det er godt å snakke om det i små grupper».
  • «Kurset har gitt meg kunnskap om sjukdomen og motivasjon til å fortsette med treninga».
  • «Dette kurset er det beste som har hendt oss med kols nokon sinne» og «motbakkar eg før ikkje klarte å gå, går no lett som berre det».
  • «Mange er redde for å presse seg og ta seg ut. På kurset lærer me å leve normalt og at det ikkje er farleg å presse seg.»

Moglege måtar å samhandle på

Korleis kan så denne store pasientgruppa ivaretakast i eit pasientforløp? Kva skal føretaket ha ansvar for, og kva skal ut i kommunen?

  • Tilbod der ein bur
    Pasientopplæring og rehabilitering i kommunane krev utvikling og etablering av både kompetanse og kapasitet. Allmennlege, sjukepleiar og fysioterapeut bør delta aktivt i det kommunale rehabiliteringsarbeidet. Fleire som har kols vert vist til rehabiliteringsopphald ved spesialiserte institusjonar. Dette er bra, men tilbod for oppfølging nær der ein bur, er viktig for å klare å følgje opp det ein har lært under opphaldet. Forsking viser at vedlikehald av trening er viktig for å behalde effekten av lungerehabilitering (Hjalmarsen 2012).
  • Spesialistheletenesta versus kommunen
    Det er anbefalt at opplæring, psykologisk støtte og hjelp til «endring av åtferd», må givast tidleg i pasientforløpet. Det er spesialisthelsetenesta si oppgåve. Men òg kommunane bør ha eit oppfølgingstilbod til personar som har kronisk lungesjukdom. Helsedirektoratet skriv i rapporten Avklaring av ansvars- og oppgavedeling mellom kommunene og spesialisthelsetjenesten på rehabiliteringsområdet (2012) at spesialisthelsetenesta skal ha spesialisert kompetanse og vere kompleks. Altså skal tidleg rehabilitering for blant anna personar som har lungesjukdom halde fram i spesialisthelsetenesta. Men, den seinare rehabiliteringa og koordinert oppfylging skal aukast og styrkast i kommunen si helse- og omsorgsteneste.
  • Tilbodet overførast
    Lærings- og meistringstilbod innan lungerehabilitering er eit av kurstilboda me ser gradvis kan overførast frå spesialisthelsetenesta til kommune. I fyrste omgang, kan ein samarbeide om dette med at noko vert i regi av sjukehuset og noko i regi av kommunen. Som eksempel kan lege, farmasøyt og sjukepleiar ta ein del undervisning ved sjukehuset, så kan fysioterapeut undervise og ha den praktiske treninga i kommunen. Dette kan òg vere i samarbeid med fysioterapeut frå sjukehus. Alvorleg sjuke pasientar med kols skal fortsatt ha tilbod i spesialisthelsetenesta (Nasjonal faglig retningslinje og veileder for forebygging, diagnostisering og oppfølging av personer med kols (2012)).

Vegen vidare

Ennå er det mykje uavklart om kven som har ansvar for kva innan pasientopplæringsfeltet. Det trengst overordna avklaringar for å få gode pasientforløp og kunnskapsutveksling på dette området. Tilbod om vedlikehaldsaktivitet i kommune og brukarorganisasjonar er avgjerande for god oppfølging over tid. Frisklivssentralar, frivilligheitssentralar og kommunale lærings- og meistringstenester er aktuelle samarbeidspartar her. Nettverk med kontaktpersonar innan lungesjukdom, både i sjukehus og kommune, er eit samhandlingsverktøy. Samarbeid mellom kommunar og spesialisthelsetenesta er svært aktuelt og relevant for dette feltet framover (NK LMH, Notat 1/2013).

Rehabilitering og opplærings for pasientar med lungesjukdom har dokumentert effekt, men er klart underdimensjonert i forhold til dagens behov og det tydeleg aukande behov i åra som kjem.

Kjelder:

Jorunn Sekse. Foto: NAPHA.
Artikkelforfattar Jorunn Sekse er funksjonsleiar/sjukepleiar ved lærings- og meistringssenteret (LMS) Odda sjukehus, Helse Fonna HF. Foto: NAPHA.

Skrivekurs – NK LMH og NAPHA

– Denne teksten er et resultat av skrivekurs arrangert i samarbeid mellom Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) og Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) i 2013.
– Deltakerne på kurset formidler erfaring fra organisering av ulike lærings- og mestringstilbud innen feltet psykisk helse- og rusarbeid.
– I perioden november 2013–januar 2014 ble tekstene publisert på våre respektive nettsteder mestring.no og psykiskhelsearbeid.no.

 

  • Publisert: 28. januar 2014.
  • Sist oppdatert: 7. juli 2023.