Publisert

Tekstane frå haustens skrivekurs er klare

Astrid Weber på skrivekurs. Foto: NAPHA

Skrivekurset NK LMH arrangerte saman med NAPHA var ferdig førre veke. No kan du lese den første teksten frå kurset. Erfaringskonsulent ved UNN, Astrid Weber, opnar ballet.

Astrid Weber på skrivekurs. Foto: NAPHA.
På skrivekurs: – Eg vart veldig glad då det kom invitasjon til skrivekurs. Det er kjekt å lære nokre knep for å skrive, og ein fin måte å nå ut med eit bodskap på, både til brukarar, pårørande og fagfolk innan psykisk helsefeltet, meiner Astrid Weber. Foto: Roald Lund Fleiner/NAPHA.

Skrivekurset i haust vart halde av Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) i samarbeid med Nasjonsalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA). Kurset var laga for tilsette i spesialist- eller kommunehelsetenesta som har utvikla lærings- og meistringstilbod innan feltet psykisk helse- og rusarbeid, og som ville skrive ein kort artikkel eller kronikk med eksempel frå praksis.

Sampublisering

Kvar veke ut året og ut januar neste år blir ein av tekstane frå kurset publisert samtidig på NK LMH sin nettstad mestring.no og på NAPHA sin nettstad psykiskhelsearbeid.no. På mestring.no finn du sakene i nyheitsarkivet og i verktøykassa under praksiseksempel, mens på psykiskhelsearbeid.no finn du dei på temasida for læring og meistring.

Mange tekstar om tilbod for pårørande

Har du ein skribent i magen?

Vi håpar tekstane frå skrivekurset vil inspirere fleire til å skrive frå eigen praksis. Neste år vil Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) setje av ein pott til å kjøpe tekstar frå dykk som arbeider i praksisfeltet, og då ikkje avgrensa til psykisk helse- og rusarbeid. Slik ønskjer NK LMH å få større breidde i lærings- og meistringstilboda som er omtalt i verktøykassa på mestring.no.

Så følg med på mestring.no om nærare informasjon om dette etter jul, eller kontakt oss allereie no om du har noko du ønskjer å skrive om og dele med andre som jobbar innan lærings- og meistringsfeltet.

På skrivekurset er det laga mange gode tekstar frå praksisfeltet, og vi gler oss til å dele dei med dykk. Mange av tekstane handlar om tilbod for pårørande. Det gjer òg den første teksten som er skriven av Astrid Weber som arbeider som erfaringskonsulent ved Universitetssykehuset Nord-Norge HF (UNN).

Her er hennar tekst «Opplæring for pårørende – felles læringsarena».

God lesing!

 

Les òg:

 

Skrive av Norunn K. Torheim

 

  • Publisert: 5. november 2013.
  • Sist oppdatert: 20. mars 2017.