Publisert

Klar, ferdig, skriv!

Skrivekurs hos NAPHA

Denne veka er tolv personar frå lærings- og meistringsfeltet samla til skrivekurs hos NAPHA i Trondheim. Her får dei kjennskap til skriveteknikkar dei kan ha nytte av når dei skal skrive artikkel om eigen praksis.

Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) og Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) held skrivekurset saman for å få fram gode praksiseksempel innan lærings- og meistringsfeltet og feltet psykisk helse- og rusarbeid.

– No som mange kommunar er i gang med å etablere nye lærings- og meistringstilbod, trur vi det er viktig å vise fram kva andre har gjort, derfor er vi svært glade for dette samarbeidet med NAPHA, sa Siw Bratli, konstituert leiar ved NK LMH, då NK LMH og NAPHA gjekk ut med kursannonse i vår.

Nye teknikkar og tips

Ragnhild Krogvig Karlsen, NAPHA
Ragnhild Krogvig Karlsen ser over resultata av skrivearbeidet frå første kursdag.

På kurset tek kursleiar Ragnhild Krogvig Karlsen ved NAPHA, kursdeltakarane gjennom skriveteknikkar som gjer at alle skal kome godt i gang med skrivinga. Ho har halde denne typen kurs fleire gongar tidlegare for personar som arbeider med psykisk helsearbeid i kommunen.

Sidan dette kurset er eit samarbeid med NK LMH, er deltakarane denne gongen personar frå lærings- og meistringsfeltet. Dei har vore med på å gjennomføre lærings- og meistringstilbod for personar som har langvarige helseutfordringar, eller deira pårørande, enten i kommune- eller spesialisthelseteneste.

– Erfaringane frå desse skrivekursa er at vi får fram gode, interessante tekstar på kort tid. Det spennande denne gongen, er at det skal publiserast eit heilt knippe av praksiseksempel innan eit avgrensa tema, seier Ragnhild Krogvig Karlsen.

Når dei tolv deltakarane frå heile landet møtast i Trondheim igjen i slutten av oktober, skal dei ha klar artiklar som dei skal publisere på NK LMH si nettside mestring.no og i kunnskapsbasen psykiskhelsearbeid.no og temasidene der om læring og meistring.

 

Tekst og foto Norunn K. Torheim, NK LMH

  • Publisert: 18. september 2013.
  • Sist oppdatert: 17. februar 2017.