Publisert

Bli med på webinar om brukarmedverknad

Verdifullt når det funkar, men kva når det knirkar? Er du opptatt av gode samarbeid for å utvikle helsetenester som svarar til brukarane sine behov? Lurer du på korleis du skal få det til? Då kan vår digitale temasamling om brukarmedverknad i tenesteutvikling være noko for deg.

Temasamlinga er den 30. mars kl. 11.00–11.45.

Meld deg på her.

Har du ikke rukket å melde deg på, kan du likevel delta på webinaret via denne lenken.

I forskinga er det godt etablert at brukarmedverknad bidrar til å utvikle helse- og omsorgstenester som er relevante og tilpassa dei som skal bruke dei. Men ein viktig føresetnad er eit konstruktivt samarbeid mellom brukarrepresentantar og fagpersonar. Sjølv om forsking viser ei rekkje positive effektar av eit slikt samarbeid, har mange erfaring med at det ikkje alltid er så lett å få til i praksis.

– Skal ein samarbeide godt, er det viktig å kjenne til kva som kan vere utfordrande for både brukarrepresentantar og fagpersonar, seier Ann Britt Sandvin Olsson, stipendiat og spesialrådgjevar ved Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH).

Målet med den digitale temasamlinga er å bidra til å styrke kompetanse om korleis få til gode samarbeidsprosessar. Ann Britt vil difor saman med brukarrepresentant Edgar Wammervold og fagperson Kari Fredriksen dele erfaringar og kunnskap om utfordringar og muligheiter ved samarbeidet mellom brukarrepresentantar og fagpersonar.

Innhaldet i temasamlinga byggjer på ei samanstilling av resultata frå to av artiklane i Ann Britt sitt doktorgradsarbeid. Viss du er interessert, kan du finne dei her. Der finn du òg lenke til podkasten «Spor av mestring» kor du kan høyre Ann Britt fortelje om resultata.

Fleire korte digitale temasamlingar

Dette er den andre temasamlinga NK LMH tilbyr denne våren. Første samling handla om helsepedagogikk og kvifor det er viktig. Les meir om samlinga og sjå opptaket her.

–Vi ønskjer å tilby eit lavterskeltilbod for fagpersonar og brukarrepresentantar som ønskjer meir kompetanse i helsepedagogikk, seier Anita Alvheim, prosjektleder og spesialrådgjevar ved NK LMH.

  • Publisert: 9. mars 2023.
  • Sist oppdatert: 30. mars 2023.