Publisert

Eigen profil for lærings- og meistringstenester

NK LMH har utarbeidd ein grafisk profil for lærings- og meistringstenester. Profilen består av logo og malar for blant anna invitasjonar og presentasjonar. Dei av dykk som vil ta i bruk profilen, kan bestille skriveblokker med den nye profilen kostnadsfritt.

Slik finn de profilen

Gå i på lærings- og mestringstjenester i verktøykassa på mestring.no og deretter på grafisk profil.

Går direkte til profilen herifrå.

Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) har utarbeidd ein eigen lærings- og meistringsprofil. Profilen består av lærings- og meistringslogo, fleire PowerPoint-malar for informasjonsmateriell og trykte skriveblokker.

Skal vere ein tydeleg aktør

Bakgrunnen for at NK LMH har utarbeidd ein grafisk profil for lærings- og meistringstenester, er ønskjer frå lærings- og meistringsfeltet om ein felles profil for informasjonsmateriell. NK LMH ønskjer dessutan at lærings- og meistringstenestene skal vise att som ein tydeleg aktør i kommunar og helseføretak.

NK LMH sitt nasjonale kommunikasjonsnettverk har gitt innspel til profilen undervegs i arbeidet med den.

Tilbod ikkje påbod

Vi veit at fleire av dykk har malar for helseføretak eller kommunar som de må bruke. Vi kan ikkje pålegge lærings- og meistringstenester å bruke den nye profilen, men vi håpar som eit minimum at de vil ta med lærings- og meistringslogoen i nytt materiell de utarbeider, sjølv om de må bruke andre malar.

I PowerPoint-malane for informasjonsmateriell er det plass til å setje inn logoar til helseføretak, kommunar eller andre.

Last ned logo og malar og bestill skriveblokker

Logo og malar for informasjonsmateriell kan lastast ned frå mestring.no.

Vi har trykt opp skriveblokker som de i lærings- og meistringsfeltet kan bestille til eige bruk og for å dele ut til deltakarar på helsepedagogiske tilbod eller lærings- og meistringstilbod dersom talet på deltakarar er lavt. Dei av dykk som vil ta i bruk profilen, kan bestille skriveblokker med den nye profilen kostnadsfritt. Les meir om dette på sida for den grafiske profilen.

 

Skrive av Norunn K. Torheim

  • Publisert: 6. november 2014.
  • Sist oppdatert: 29. juni 2020.