Publisert

Friskus for samhandling, læring og meistring

Fleire opplever at det kan vere vanskeleg å synleggjera lærings- og meistringstilbod overfor innbyggjarar, samt rekruttera frivillige. Friskus er eit nettbasert verktøy som kan kome slike utfordringar i møte.

Om Friskus

Utviklinga av friskus.com starta som innovasjonsprosjekt for frivillig, privat og offentleg sektor i 2017 med initiativ frå Sigrid Nedkvitne frå Voss. Røde Kors i Sogn og Fjordane, Bergen kommune og bydelar i Oslo er nokre av dei som har vore med å skape den digitale møteplassen saman med Friskus sosial entreprenør.

Gjennom arbeid i ulike kommunar og som aktiv frivillig har gründer Nedkvitne sett at einsemd og utanforskap er utbreidd, noko ho meiner er ein trussel for helse og livskvalitet og mot berekraftige samfunn. Med Friskus ynskjer ho å bidra til at alle skal finne eit tilbod i sitt nærområde, og at fleire skal få oppleve meistring og eit meiningsfullt liv.

Ikkje minst er etableringa av Friskus eit ynskje om å gje eit samhandlingsverktøy til dei ulike aktørane for å unngå at ein jobbar på kvar sin arena med nokre av dei same utfordringane. Friskus.com si målgruppe er innbyggjarane, frivillige organisasjonar og kommunale avdelingar.

 


Sigrid Nedkvitne, gründer av Friskus

I mars 2019 vart Siri Hollingsæter Stene tilsett som frivilligheitskoordinator innan helse, i avdeling Forebyggende helse, friskliv og mestring ved den kommunale eininga Storhaugen Helsehus i Kristiansund kommune. Kommunen har lenge hatt frivilligsentral, og dei samarbeider tett. Stene såg raskt behov for eit verktøy til å finne fram til frivillige og samtidig informere om tilbod i kommunen. Ho valde å ta i bruk plattforma friskus.com.

Friskus.com er ein interaktiv aktivitetskalender utforma som ei open nettside som let deg lenke opp alt som finst av tilbod og komande hendingar i ditt nærområde. I tillegg kan verktøyet nyttast til å rekruttera frivillige til ulike oppdrag då nettsida er tilgjengeleg for både tilbydarar og brukarar av tenestene. Tilgang til og bruk av Friskus krev at din kommune har kjøpt lisens.

Eit bindeledd mellom helse og kultur

Då Stene skulla ta i bruk Friskus, fekk ho og fleire i kommunen, inkludert frivillige organisasjonar, ei to-dagar lang opplæring og tilgang til ei verktøykasse med mellom anna ein kommunikasjonsplan. Tilboda til innbyggjarane vert i dag lagt ut både på Friskus-sida og på sida til Frisklivssentralen. Arrangement og frivillig-oppdrag dei synleggjer i Friskus-kalenderen deler dei etter behov på Facebook.

Nettsida Friskus kan nyttast til å binde saman aktørar innan både kultur og helse. På friskus.com publiserer Kristiansund kommune alt frå grunnkurs i smiding, middag på tvers av kulturar, helsetilbod, gå-grupper, instruktøropplæring for det fallførebyggjande kurset Sterk og stødig, musikkarrangement og tilbod som kyrkja arrangerer. Det tek tid å implementere plattforma. Dette er ein felles portal, og det er ynskjeleg at flest mogleg tilbod skal vere mogleg å finna på Friskus. KID, kurs i depresjonsmeistring og KIB, kurs i meistring av belastning, vil òg bli lagt ut på sida med informasjon om kva avdeling som arrangerer tilboda. Dei utviklar heile tida tilboda og Stene opplever at dei har vorte meir synleg for innbyggjarane.

– Endå finst det nok skjulte grupper og tilbod som av ulike årsaker ikkje er lagt ut, men vi har endeleg fått ei portal der vi kan søkje etter frivillige og det er enkelt å melde seg på, uttalar frivilligheitskoordinator Stene.

Til no har dei berre sett det potensialet plattforma gjev, og Stene vil tilrå andre kommunar å ta i bruk Friskus.

Korleis ta i bruk Friskus?

Det er kommunane som kjøper lisens, oftast for tre år, for å få tilgang til aktivitetskalenderen. I dag har nærare 30 kommunar i Noreg skrive kontrakt med firmaet, og fleire av dei nyttar plattforma til å publisera lærings- og meistringstilbod. Kvinnherad kommune, som tok i bruk aktivitetskalenderen for nokre månader sidan, har òg publisert tilbod som vert arrangert i samarbeid med Helse Fonna. I regi av Friskliv, læring og meistring tilbyr kommunen ei rekkje lærings- og meistringstilbod. Frivilligsentralen i Os, i den nye Bjørnafjorden kommune, er etter nokre få månader ein aktiv brukar av Friskus. Dei ynskjer at eit vidt spekter av tilbod vert gjort kjent for innbyggjarane sine.

Om ein kommune kjøper tilgang til friskus.com kan lag og foreiningar bruke verktøyet til å legge ut aktivitetar og ledige oppdrag for frivillige på nettsida. Skrivetilgang vert då gjeve i samråd med kommunane. Om ein innbyggjar ynskjer å ta del i ein aktivitet, å melda seg til teneste som frivillig eller å få oversikt over tilbod i ein annan kommune, får ein oversikt på Friskus si nettside. Friskus sikrar drift, vedlikehald og oppdatering i fortsetjinga og vidareutviklar stadig plattforma.

Aktuelt for både kommune og sjukehus?

Som innbyggjar i ein kommune vil ein ha behov for aktivitetar og tenester frå både sjukehus, kommune, lag og organisasjonar. Gründaren av Friskus kjenner til at einskilde sjukehus også ser behov for denne tenesta, til dømes for å organisere frivillige aktørar som no er brukt i deler av spesialisthelsetenesta.

Vil du vite meir om moglegheitene med samhandlingsplattforma Friskus, kan du ta ein nærare titt på Friskus.com (kommer snart i ny versjon). Kanskje har din kommune allereie lisens?

Tekst: Hilde Blindheim Børve

  • Publisert: 3. februar 2020.
  • Sist oppdatert: 21. februar 2020.