Publisert

Høyringsuttale om nytt kommunalt pasient- og brukarregister

NK LMH støttar i si høyringsuttale arbeidet med å lage eit einhetleg register, særskild fordi ein da kan dokumentere og synleggjera tenester som er viktig for rehabilitering og førebygging, slik som lærings- og mestringstenestene.

Forside av høringsuttalenNasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) har nylig skrive ei høyringsuttale til Helse- og omsorgsdepartementet sitt forslag om å opprette eit nytt kommunalt pasient- og brukarregister (KPR) som skal omfatte heile den kommunale helse- og omsorgstenesta.

NK LMH stiller seg tvilande til om Norsk pasientregister (NPR) er tilstrekkeleg ”som modell for et kommunalt helse- og omsorgsregister,» slik departementet føreslår. NPR er laga gjennom uttrekk frå pasientjournalar. Blir dette den einaste modellen for KPR, vil ein kunne få den same utfordringa som ein har i spesialisthelsetenestene i dag ved at det ikkje er mogleg å registrere mange av dei som deltek på lærings- og mestringstilbod.

Dersom ein skal kunne dokumentere det mangfald av tilbod og tenester som er viktige for godt fungerande helse- og omsorgstenester, er det behov for eit register med ein meir fleksibel grunnstruktur. Det vil gi kommunalt og nasjonalt styringsverk betre grunnlag for å gjera gode prioriteringar.

Les heile høyringsuttala til NK LMH her .

  • Publisert: 19. oktober 2015.
  • Sist oppdatert: 19. oktober 2015.